Hopp til innhold

Her er dei garantert 3000 tonn fisk – jublar for nye fiskekvotar

– Ein stor dag for kommunen og ein stor dag for kyst-Norge, seier ordførar i Gamvik. 50 heilårige arbeidsplassar er sikra med kvotane fiskeriministeren kom med i dag.

Trond Einar Olaussen

JUBLAR: – seier ordførar i Gamvik, Trond Einar Olaussen som i dag fekk nyheita om 3000 tonn ekstra fiskekvotar til kommunen.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Gjennom ei ny kystkvoteordning får Gamvik kommune ei ekstra fiskekvote på 3000 tonn. Det betyr at kommunen er garantert levering til fileteringsanlegget som er under etablering i Mehamn i Gamvik kommune.

Ordførar i Gamvik kommune seier at dei har jobba i mange år for å sikre ekstra kvotar til kommunen.

– Det som kysten har demonstrert og kriga fram, det er nettopp at fisken skal på land, så dette er verkeleg gode nyheiter, seier ordførar Trond Einar Olaussen.

– Vi har intensivert arbeidet no dei siste to åra. Vi er veldig glade for å ha funne ei løysing med fiskeridepartementet der Gamvik får tildelt kvotar, seier Olaussen.

«Korleis skal du få nok fisk?»

Kvotetildelinga skal gjelde for to år. Det kjem godt med for oppstartsbedrifta Finnmark Fisk AS, seier administrerande direktør Jørn-Gunnar Jacobsen.

– Det er eit fantastisk grunnlag for oss som startar opp her.

I februar blei det klart at Arne Hjeltnes ville satse stort på fiskefilet gjennom det nystarta selskapet Finnmark Fisk AS. Målet er heilårsdrift, og ikkje berre filetering i torskesesongen.

– Det alle har spurt oss om etter at vi sa at vi skulle starte opp her er «korleis skal du få nok fisk?», seier Jacobsen.

–Vi har sett for oss å måtte knytte oss opp mot fiskarar direkte, og vore usikre for korleis det ville gå. Det at vi no får ein sånn base i botn, er heilt fantastisk, seier han.

50 nye arbeidsplassar

Statssekretær Ronny Berg i Nærings- og fiskeridepartementet var i dag i Gamvik for å overlevere dei gode nyheitene.

– Vi setter av 3000 tonn fisk som skal bli levert til Gamvik kommune. Det fordi vi frå regjeringas side vil bidra til å sikre oppstarten til såpass mange arbeidsplassar, seier Ronny Berg.

Berg kan enda ikkje seie kor desse 3000 tonna blir tatt frå. Det er noko som må ut på høyring, seier han.

Ronny Berg

Statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet, Ronny Berg var torsdag i Mehamn for å fortelje om den 3000 tonn ekstra fiskekvoten som kommunen får i to år.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

– Det skal vi sende på høyring, og få innspel om dette skal takast frå toppen eller om ei spesiell gruppe skal ta det, korleis vi skal fordele mellom trål- og kystflåten.

Eit av måla er å sikre meir råstoff til anlegga på hausten.

– I Gamvik skal ein kombinere både raud- og kvitfisk for å sikre heilårlege arbeidsplassar. Nærmare 50 arbeidsplassar vil ha enorm betydning, seier Berg.

Til NTB seier statssekretæren at distriktskvoten skal fiskast om hausten.

– Vi ser for oss at kvoten primært skal fiskast av kystfiskeflåten, men vil vurdere om også torsketrålflåten kan delta, seier Berg til NTB.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark