Hopp til innhold

Helene (17) påkøyrd av snøskuter under Finnmarksløpet

Helene Sørensen (17) hadde lada opp til Finnmarksløpet i over eitt år, men midt i løpet vart ho påkøyrd av ein snøskuter. Politiet er framleis på jakt etter føraren.

Helene Sørensen

Helene Sørensen (til høgre) møtte venninna Mia Opsahl etter at sistnemnde kom i mål søndag. Sørensen måtte dessverre bryte, etter å ha blitt påkøyrt av ein skuter.

Foto: Eskil Wie Furunes

Sørensen vart skadd i kneet og måtte bryte løpet, der ho deltok i juniorklassen.

Hendinga skjedde laurdag ettermiddag.

– Eg hadde stoppa hundespannet mitt fordi eg skulle fikse på nokre liner. Så høyrde eg at det kom ein skuter bak meg. Men eg trudde han var mykje lengre bak enn han viste seg å vere, skildrar Sørensen.

Og held fram:

– I neste augneblink small det. Eg forstod i grunnen ikkje heilt kva som skjedde. Men eg innsåg jo etter kvart at eg hadde blitt påkøyrd.

Skuterføraren stoppa opp og prata med Sørensen ei lita stund. Ifølgje Finnmarksløpet si nettside spurde føraren om det gjekk bra med henne. Deretter køyrde han vidare.

I neste augneblink small det. Eg forstod i grunnen ikkje heilt kva som skjedde.

Helene Sørensen

Aldri skjedd tidlegare

Politiet er framleis på jakt etter skuterføraren.

– Vi har enno ikkje høyrt noko frå han, seier Lars Rune Hagen, operasjonsleiar i Finnmark politidistrikt, til NRK søndag ettermiddag.

Trond anton andersen

Informasjonssjef i Finnmarksløpet, Trond Anton Andersen, fortel at dei gjennom 38 år aldri har opplevd at deltakarar har blitt påkøyrd av skuterar.

Ifølgje informasjonssjef i Finnmarksløpet, Trond Anton Andersen, har det aldri tidlegare skjedd at ein deltakar har blitt påkøyrd av ein skutar.

– Det kan eg ikkje tenke meg, for det har eg aldri høyrt om. Og løpet blir i år arrangert for 38. gong, seier Andersen.

– Sjokk og sinnssjukt kjipt

For Helene Sørensen var det eit sjokk å bli påkøyrd av skuteren. Etter kollisjonen kom ho seg opp igjen på sleden og fekk køyrt litt til, men ho innsåg kjapt at det ikkje hadde noko føre seg. Ho fekk deretter hjelp til å kome seg ned frå fjellet.

– Det var eit sjokk og sinnssjukt kjipt. Eg har hatt juniorklassen i Finnmarksløpet som mål i over eitt år. Spannet gjekk jo så bra i starten. Men sånn er det – og helsa kjem jo først. Klarer eg ikkje å ta vare på hundane mine, er det ikkje noko poeng i å halde fram, seier Sørensen når NRK møter henne i målområdet i Alta søndag.

Ho har framleis vondt, spesielt i kneet, men ser også at ho det kunne ha gått endå verre.

– Tenk om skuteren hadde kome frå andre sida og køyrt rett i hundane, seier Sørensen.

Helene Sørensen

Helene Sørensen på krykker saman med pappa Øistein. Til venstre veslesøster Henriette på ti år, som også er ein ivrig hundekøyrar.

Foto: Eskil Wie Furunes

– Hundekøyring er livet

Ho er godt nøgd med oppfølginga frå både Finnmarksløpet, helsevesenet og helsesenteret i Alta etter ulykka. No ønskjer hundeføraren å sjå framover.

– Eg kjem tilbake til Finnmarksløpet neste år. Om det blir i 500 kilometer-klassen eller i juniorklassen får vi sjå an, seier Sørensen.

17-åringen er frå Bærum, men er elev ved hundekøyringslinja i Tana. Også familien var på plass under Finnmarksløpet.

– Vi tenkte det verste då vi fekk telefon frå reinpolitiet om ulykka. Då gjekk det 1000 tankar gjennom hovudet mitt. Det kom som eit sjokk. Heldigvis har vi fått ei fantastisk oppfølging. Vi kjem tilbake neste år. Hundekøyring er livet, seier pappa Øistein Sørensen.

Vi tenkte det verste då vi fekk telefon frå reinpolitiet om ulykka.

Øistein Sørensen

Flere nyheter fra Troms og Finnmark