Hopp til innhold

Gollis er Noreg sin styggaste attraksjon – no kan han bli adoptert

Plastnissen Gollis som blei kåra til Noreg sin styggaste turistattraksjon kan bli flytta til Finnmark. No står det att å sjå kva folket vil.

Gollis

NISSEN GOLLIS: I 1997 kåra VG nissen til Noreg sin styggaste turistattraksjon.

Foto: Werner Kiil

I 1997 kåra VG nissen til Noreg sin styggaste turistattraksjon. Dette stoppar ikkje rådmannen i Gamvik kommune frå å ynskja nissen velkomen.

– Det skremmer oss ikkje. Eg trur alle som har sett Gollis anten synest han er fin, eller stygg, slik er det berre, seier rådmann Øyvind Korsberg.

Gollis

PLASTNISSE: Gollis er ni meter høg og laga av plast. Han har blitt flytta fleire gonger før og stått både ved kommunehuset, på ferjekaia og vore lagd til lagring.

Foto: Werner Kiil

Gollis er ein ni meter høg plastnisse som blei støypt i 1992 i Lyngen kommune i Troms. Nissen blei deretter plassert i fjæra i Lyngseidet.

– Me er så heldige å ha verdas største nissesamling her i Mehamn. Det finst ei privat bedrift som har eit svært nissemuseum. Å stå utanfor nissepuben kunne vore ein utmerka plass for Gollis å skina, seier rådmann i Gamvik kommune i Finnmark, Øyvind Korsberg.

Øyvind Korsberg i Mehamn

NISSESAMLING: Rådmannen i Gamvik kommune, Øyvind Korsberg trur nissen kan passa bra med resten av nissesamlinga i Mehamn.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Ja til adopsjon

Ordførar i Lyngen kommune i Troms, Dan-Håvard Johnsen, ser ikkje noko problem med å flytta på nissen.

– Me ser absolutt moglegheit for å adoptera han til venene våre i Finnmark, det er fort mogleg. Men det er klart, mange synest han er kjempeflott og mange likar han ikkje i det heile teke, seier Johnsen.

Gigantnissen splitta nemleg bygda i Nord-Troms i to. Motstandarane meinte den var stygg og hadde ingenting i Lyngseidet å gjera. Likevel blei den sett opp.

Han trur at kommunen kan vera klar til å gi slepp på Gollis.

– Me har ikkje klart å nytta potensialet. I tillegg så er det mykje anna fint å fotografera i Lyngen, som ikkje er av plast, seier ordføraren og humrar.

Dan Håvard Johnsen

POSITIV ORDFØRAR: – Me ser absolutt moglegheit for å adoptera han til venene våre i Finnmark, seier ordførar i Lyngen kommune, Dan-Håvard Johnsen.

Foto: RUNE NORDGÅRD ANDREASSEN

Folkeavstemming

Før det blir bestemt om Gollis skal bli flytta, er ordføraren klar på kva som no skal skje.

– Eg har rett og slett tenkt å laga ei folkeavstemming. Kva vil folket? Dersom folket er eintydig i svaret, då skal me sjølvsagt gi han ein ny heim oppe i Finnmark.

Han fortel at det skal vera ulike alternativ for folket og avstemminga skal skje før sankthans.

– Anten pussar me han opp, gjer han meir attraktiv og bruker nokre hundre tusen på han, eller så legg me han på havet og fraktar han opp til Gamvik, seier han med eit smil.

I tillegg skal undersøkinga føregå i ein Facebook-variant.

– Her er me gode på sosiale medium.

Gollis

REAKSJONAR: Spørsmålet om Gollis skal bli flytta skaper engasjement i kommentarfeltet på Facebook.

Foto: Gyda Katrine Hesla / Gyda Katrine Hesla

– Spøken til sida, det er faktisk det mest fotograferte objektet i Lyngen, det seier ikkje lite. Det vil nok heilt sikkert bli ein flott attraksjon oppe i Gamvik.

Rådmannen i Gamvik kommune er positiv til det ordføraren i Lyngen kommune seier.

– Eg synest det høyrest ut som ein strålande idé. Å ha folkeavstemming synest eg verkeleg er ein god ting for då får folket bestemma. Det er jo dei som har eit forhold til han, seier Korsberg.

Gollis i Lyngen

NORSK ATTRAKSJON: Linda Eide har tidlegare besøkt Gollis som guide og reiseleiar i programmet «Norsk attraksjon».