Onsdag vart krabbekvota på russisk side meir enn dobla, mens den norske kvota vart utvida med berre 20 000 krabbar. Dette vart bestemt i dei norsk-russiske fiskeriforhandlingane i Kaliningrad.
Og no fryktar Alf Martin Jensen at russarane vil overta Norges eksklusive marknad.
– Viss dei skal få fiske 3 mill er det over og ut for Norge. Då går det ikkje an å drive denne næringa i Norge. Dei kjem til å fylle opp marknaden.
Puslat kvote
Pessimismen rår på mottaket i Kiberg, der Alf Martin Jensen tar imot fisk og krabbe. For under dei norsk-russiske fiskeriforhandlingan i går vart den russiske krabbekvota auka frå 1,4 til 3 millionar krabbar årleg. den norske kvota vart auka med 20 000 krabbar, og ligg no på 300 000. Men det blir for puslate, trur Jensen.
– Vi kan ikkje produsere neste år, feskarane kjem til å få så lå pris at dei ikkje vil fiske krabbe
Han trur heller ikkje hans eige mottak vil overleve på marknaden i konkurranse med krabbe fiska i russisk farvatn.
– Vi merkar allereie at konkurransen er for stor
Heilt gale
Kvota er òg tema på kaia ved mottaket. Krabbefeskar Lars Vatn synast fordelinga mellom Russland og Norge er heilt gale
Bengt Bentsen fiskar i Varangerfjorden, og meiner forskarane som har vurdert førekomsten av krabbe der, ikkje veit kva dei snakkar om.
– Eg får betre råd av katta til naboen enn av forskarar. Eg meiner at det burde vore frislepp på krabbefiske i norge
Kvalitet viktig
Men no er altså kvota sett til å vere ein tidel av det Russland har. Ann Rita Hammer i Fiskeridirektoratet er redd dette kan svekke Norges plass i marknaden.
Ho trekker likevel fram kvaliteten på den norske krabben som svært god, noko Bjørn Erik Stabell i Eksportutvalet for fisk stadfestar. Han fryktar ikkje russisk krabbe.
På kaia i Kiberg ville dei aller helst greidd seg utan krabbe. For han et opp mykje anna som leve i havet, som skulle vore mat for fisk.