NRK Meny
Normal

Fryktar behandlingssvikt i distrikta

Pasientombod fryktar dagens fastlegeordning går utover pasientryggleiken. I Sogn og Fjordane er ein pasient på åttande fastlegen på få år.

Lisa Refsnes

SLÅR ALARM: Lisa Førde Refsnes, pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane har sett korleis hyppige legebytte har gått utover pasientar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Dei siste fire og halvt åra har pasienten hatt sju fastlegar, og no skal han få fastlege nummer åtte, seier Lisa Førde Refsnes, pasientombod i Sogn og Fjordane.

Refsnes er bekymra for kva dei hyppige byta betyr for kvaliteten på helsetenesta pasienten får. Ho har sett følgene av utskiftingane: journalar som ikkje blir lest, tilvisingar som ikkje blir sendt, og viktig informasjon som aldri blir journalført.

– Vi ser at det i denne saka har vore gleppar undervegs, seier Refsnes.

Pasientombud i Finnmark

Mette Elisabeth Eriksen, pasientombodet i Finnmark, opplever hyppig byte av fastlegar som eit stort problem i fylket.

Foto: Privat

Tilfellet i Sogn og Fjordane er ikkje unikt. I Finnmark har somme pasientar fått ny fastlege kvar tredje veke.

– Problemet er at pasienten ikkje får den oppfølginga ein treng, seier pasientombod i Finnmark, Mette Elisabeth Eriksen.

Ho fryktar at dei hyppige byta gjer at pasientar kan gå med plager og smerter over lang tid, lengre enn om pasienten hadde fått ei effektiv utgreiing.

Pasientombodet i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, er redd det skal skje gleppar i behandlinga når ein stadig får ny lege.

– Vi veit at det er i overgangane mellom ulike legar at risikoen for svikt er størst. Blir det mange overgangar så aukar det risikoen for svikt, seier Refsnes.

Stadig fleire kommunar slit med å rekruttere fastlegar til kommunane.

Dei siste åra har problemet blitt større. Før gjaldt det distrikta i fylket men nå også meir sentrale strøk. Ifølge legeforeininga er årsaka at jobbane er lite lukrative og arbeidsmengda stor og vanskeleg.

Pasient lege samtale illustrasjon

Fastlegar har travle dagar og får for lite tid med pasientane. mange kommunar slit med rekrutteringa av legar.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

– Det er rett og slett for mykje jobb, seier Catherine Elde Isaksen, som no gir seg som fastlege for å jobbe på sjukehus.

– Systemet vi jobbar i er ikkje berekraftig, seier Isaksen, som hadde 900 pasientar på si liste, men som måtte bruke tida på administrative oppgåver i staden for på pasientane.

I snitt jobbar ein fastlege 50 timar i veka, i tillegg til arbeid på legevakta. Når fleire oppgåver blir lagt over på kommunane, meiner Isaksen at ein må få på plass fleire fastlegestillingar.

– Vi ønsker at folk i kommunane skal få tilstrekkelege legetenester, og det er kommunanes ansvar, seier Normann.

Lisbeth Normann

Statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann.

Foto: BJORN H STUEDAL

Statssekretær i Helse og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann, trur dei er på riktig veg i rekrutteringa av fleire fastlegar.

– Det at vi gjeninnfører ei tilskotsordning for kommunane som dei kan søke på, er med på å hjelpe. Vi må òg vere veldig tydelege på at det er mogleg for legane å halde seg fagleg oppdatert, og at statens skal bidra med det, seier Normann.

– Vi må òg sjå på om dei kan få hjelpe frå andre yrkesgrupper og skape eit spanande fagmiljø, seier ho.