NRK Meny
Normal

Frp-politikar vil stenge grensa til Russland

Dersom flyktningstraumen over Storskog ikkje stopper, må Norge stenge grensa til Russland, meiner Frps stortingsrepresentant Jan-Henrik Fredriksen.

fredriksen frp

Stortingsrepresentant Jan-Henrik Fredriksen (Frp) vaks sjølv opp i Kirkenes under den kalde krigen, då grensa til Russland var stengt.

Foto: Siv Sandvik / NRK

- Dersom dagens situasjon fortset, så meiner eg faktisk at det kan vere eit alternativ å stenge grensa, ja, seier Jan-Henrik Fredriksen, stortingsrepresentant for Frp.

80 nye personar kom over grensa frå Russland torsdag og søkte asyl i Noreg.

I førre veke kom over 500 asylsøkarar over grensestasjonen på Storskog i Sør-Varanger kommune.

Justisminister Anders Anundsen sa denne veka at alle asylsøkarar med opphaldsløyve i Russland, vil bli returnert, men etter at russiske myndigheiter byrja å utvise asylsøkarar frå landet, har Noreg blitt tvinga til å ta dei imot.

Fredriksen meiner stenging av grensa er heilt naudsynt no.

– Dei signala vi sender ut til andre land må vere heilt eintydige på at Noreg har eit strengt regime. Dersom ein tenker på Storskog, så må det signalet vi sender ut vere at syrarar som kjem over Storskog, etter å ha jobbet i Russland i mange år, ikkje har nokon rett til asyl og opphaldsløyve i Noreg, seier Fredriksen.

Flyktninger i kø på Storskog grensestasjon

Det er grensa til Russland, på Storskog i Sør-Varanger, Frp-politikar Jan-Henrik Fredriksen vil stenge.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

– Du vaks sjølv opp i Kirkenes under den kalde krigen, du tenker ikkje det er drastisk å gå tilbake til ein kald krig-situasjon på grensa?

– Det her er ikkje noko ein ønsker, tvert imot. Ein er langt unna det ein ønsker. Det her er faktisk noe ein må, og det er stor forskjell på det ein ønsker og det ein må, seier Fredriksen.

Sidan 2012 har bebuarar i grensesonen rundt Storskog, både på russisk og norsk side, kunne reise visumfritt mellom dei to nabolanda.

Fredriksen ser ikkje bort i frå at stenging av grensa kan få følger for denne ordninga, slik at nordmenn som vil til Murmansk ikkje lenger kan reise visumfritt.

– Det kan bli en konsekvens, innrømmer han.

– Men la oss no fortsette på det sporet vi held på med, med å forhandle retur og utlevering slik at vi kan få normalisert dette i størst mulig grad. Det må være intensjonen, og så må mengda av asylantar som kjem vere med å bestemme om vi skal ha åpne grenser i einkvar framtid, eller om vi må lukke, seier Fredriksen.

– Eit hån mot arbeidet som er gjort

Avtroppande ordførar i Sør-Varanger kommune, Cecilie Hansen (Sp), har òg vakse opp nær den russiske grensa under den kalde krigen. Ho ønsker seg slett ikkje tilbake til den tida, med stenging av grensa.

Cecilie Hansen

– Å stenge grensa skapar berre fleire problem, seier avtroppande ordførar i Sør-Varanger, Cecilie Hansen (Sp).

Foto: Tarjei Abelsen/NRK

– Det vil nesten vere eit hån mot alt det fantastiske arbeidet som er lagt ned for å bygge bruer og skape gode møteplassar mellom norske og russiske innbyggarar, seier Hansen.

Ho er overraska over forslaget til Fredriksen, men tar det på alvor.

– Vi argumenterer kvar på vår måte, seier ho.

– Men det er ingen tvil om at flyktningekrisa vi no opplev kjem til å vare. Her er det viktig med dialog og at norske myndigheiter kjem på banen og oppretter god dialog med russiske myndigheter.

Tør ikkje tenke på Kirkenes med stengt grense

Påtroppande ordfører i Sør-Varanger, Rune Rafaelsen (Ap), er derimot ikkje overraska.

– Ein skal jo ta stortingsrepresentantar seriøst, men dette utspelet er uforståeleg, seier Rafaelsen.

– For meg er det slettes ikkje overraskande. Ein kjem alltid med dårlege løysingar frå det partiet, òg i dette spørsmålet. Det som Noreg har behov for er dialog og handling når det gjeld naboskapet. Det her er komplisert, men det krev ein mykje meir aktiv dialog enn det vi har hatt til no, seier han.

Rune Rafaelsen

Tidlegare leiar av Barentssekretariatet og påtroppande ordførar, Rune Rafaelsen (Ap).

Foto: Tarjei Abelsen / NRK

Rafaelsen var i 12 år leiar for Barentssekretariatet, som sidan 1993 har jobba med å styrke det sivile samarbeidet med Russland.

Han vil ikkje sjå for seg framtida for Kirkenes dersom grensa stenger.

– Det tør eg ikkje tenke på. Vi skal ikkje unnlate å kritisere Russland, men vi skal på alle måtar sørge for at den gode dialogen her, eg har sjølv hatt fleire møter i dag som omfattar samarbeidet med Russland, og det må vi legge vekt på i all framtid, seier han.