Hopp til innhold

Frp krev folkerøysting om Finnmark

Fylkespolitikarane frå Frp i Finnmark går imot stortingsgruppa til partiet: Dei vil ha omkamp om samanslåinga med Troms – og går inn for folkerøysting om saka i Finnmark.

Susanne Kristiansen og Arne Myrseth

FOLKELEGE: Arne Myrseth og Susanne Kristiansen i Frp-gruppa på fylkestinget vil ha folkerøysting om avtalen mellom Finnmark og Troms.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Vi prøver å gi eit sterkt signal med det vi gjer no, seier Arne Myrseth (Frp) om vedtaket som vil bli fatta torsdag.

I går blei det klart at det var fleirtal i Finnmark fylkesting for ei folkerøysting. I dag seier Frp-folka i fylkestinget at dei sluttar seg til fleirtalet, sjølv om Frps eiga stortingsgruppe har gått inn for å slå saman Troms og Finnmark.

– Folket har vore sterke på at dei ønskjer ei folkerøysting, og i Frp har vi tradisjon for å høyre på det folket meiner, seier Myrseth.

– Får berre koste

Fylkestingsrepresentant Susanne Kristiansen aksepterer at ei folkerøysting vil koste pengar og vil forseinke prosessen ut over våren.

– Befolkninga må vere med på å avgjere dette, så vi får betale det som krevst, seier Kristiansen.

– Når folket synest avtalen er for dårleg, er det vår plikt å prøve å få ein betre avtale, seier Myrseth.

– Fryktar de å få tyn frå Frp sentralt for dette standpunktet?

– Eg håper dei sentrale politikarane våre forstår at vi er folkevalde av Finnmarks befolkning. Vi er her for dei, ikkje for Stortinget, seier Kristiansen.

– Kan det ikkje berre føre til at saka blir sendt tilbake til Monica Mæland, og så får Finnmark ein endå dårlegare avtale?

– Det er sjølvsagt ei moglegheit, men vi meiner at ei rådgjevande folkerøysting vil gi eit sterkt signal til kommunalministeren, seier Myrseth.

Stor motstand

Spørjeundersøkinga som NRK offentleggjorde i går, viser at 86 prosent av dei spurde i Finnmark og 70 prosent i Troms er imot samanslåinga.

Frp-representantane i fylkestinget seier ikkje at dei er imot ei samanslåing uansett, men at avtalen som blei underteikna på Gardermoen 15. februar ikkje er god nok.

– Vi ønskjer ein omkamp der vi må sjå på avtalen, seier Susanne Kristiansen.

Fylkesordførar Ragnhild Vassvik (Ap) er glad for støtta frå Frp.

– Folkerøysting er i Frp sin and. Dei likar å høyre folket før dei tek ei avgjerd, meiner ho.

Ikkje refs frå Stortinget

Kari Kjønaas Kjos

Kari Kjønaas Kjos

Foto: NRK

Kari Kjønaas Kjos er kommunalpolitisk talsperson i Frp, og ho vil ikkje refse partikollegaene i Finnmark.

– Eg har ikkje nokon kommentar til korleis dei ønskjer å utøve sin fylkespolitikk. Det står dei fritt til. Men det er jo ein litt underleg bruk av ressursar, seier Kjos.

Ho lurer på kva dei skal bruke resultatet av røystinga til.

– Er det heilt usannsynleg at eit stort fleirtal i Finnmark og Troms kan snu stortingsfleirtalet?

– Ja, fordi det er ein avtale mellom fire parti som ligg i heile kommunereforma, og som er vedtatt i Stortinget to gonger, seier Kjos.