Hopp til innhold

Frp gjorde brakval i Alta, men vil ikkje love nytt sjukehus

Frp gjorde reint bord i Alta, og har i valkampen lova å sjå på sjukehusstrukturen i Vest-Finnmark. No startar regjeringssamtaler med Høgre – partiet som ikkje vil ha sjukehus i Alta.

Folketog for sykehus i Alta

Framstegspartiet vann Alta ved å love nytt sjukehus. No må partiet levere, meiner valets store tapar, Arbeidarpartiet.

Foto: Kristian Sønvisen Bye/NRK

Med kvar tredje veljar i Alta i ryggen flyg Framstegspartiets Bengt Rune Strifeldt no inn til fast plass på Stortinget.

Partiet fekk totalt 18,1 prosent av stemmene i Finnmark, ei auke på 2,1 prosentpoeng sidan valet i 2013. Frp har lova at partiet skal sjå på sjukehusstrukturen i Vest-Finnmark den neste stortingsperioden. Underforstått: Frp har lova folk i Alta nytt sjukehus.

– Saka om sjukehus i Alta er nok ei av årsakene til at me går så fram, men partiet har jobba godt over tid og har vore tydeleg i ei del saker, seier Strifeldt.

Bengt Rune Strifeldt

Stortingsrepresentant for Frp, Bengt Rune Strifeldt smilte bredt dagen etter dagen.

Foto: Astrid Krogh / NRK

Vil ikkje garantere nokon ting

Slik svarer Strifeldt på spørsmål om nytt sjukehus i Alta når NRK treff han tysdag morgon.

– Korleis kjem de til å handtere sjukehussaka framover?

– Dette er ein sak me kjem til å ta vidare. Me har også fått tydelege stadfestingar frå partileiinga om at dette er ein sak me har støtte i. Eg må ta dette opp internt i mi partigruppe og sjå korleis me skal handtere den vidare.

– Tør du no å garantere at det vert ei utgreiing om sjukehusstrukturen i Vest-Finnmark?

– Eg trur det kan vere vanskeleg å garantere det, men eg skal i alle fall gjere den jobben som er naudsynt for å få dette til.

– Så du tør ikkje garantere det?

– Om stortingsfleirtalet vil det, så skal eg garantere det. Men det er stortingsfleirtalet som må seie sitt.

– Men de sit jo i regjering?

– Jo då, og me skal i forhandlingar med Høgre no som har hatt ei anna haldning til dette enn oss. Men me er flinke til å forhandle og me skal jobbe for å få gjennomslag for å sjå på sjukehusstrukturen.

– Om det ikkje vert ei slik utgreiing, korleis vert det tatt imot her i Alta?

– Om me ikkje får gjennomslag for det kjem det til å bli tatt veldig dårleg imot, seier Strifeldt.

Monica Nielsen

Ordførar i Alta kommune, Monica Nielsen (Ap), har gått i mot eiga parti i sjukehussaka.

Foto: Astrid Krogh / NRK

Ap: – No må Frp levere

Arbeidarpartiet gjekk på eit kjempenederlag i Alta og fekk berre 16,1 prosent av stemmene. Dette er ein nedgang på 16,4 prosentpoeng frå 2013.

Arbeidarparti-ordførar Monica Nielsen, som sjølv har gått ut mot eige fylkeslag i sjukehusstriden, konstaterer at Frp har vunne Alta med lovnader om nytt sjukehus.

No må partiet levere, seier Nielsen.

– Den saka som har prega valkampen i Alta er sjukehussaka. I og med at Frp no har gått ut og lova utgreiing av saka, og dermed får eit så godt resultat, ligg det også her ei forventning om at dei leverer på dei løfta dei har gitt.

– Kva ligg i den forventninga?

– At ein går i gong med utgreiinga straks det nye Stortinget er sette. Dette er ein viktig sak for heile Alta og det er ein viktig sak for dei som har stemt Frp, seier Nielsen.

Aksjonstog for akuttilbud i Alta

Framstegspartiet vann Alta ved å love nytt sjukehus. No må partiet levere, meiner valets store tapar, Arbeidarpartiet.

Foto: Andrea Lindquist/NRK

Senterpartiet: – Dette skal me få til

Også Senterpartiet har lova sjukehusutgreiing i Vest-Finnmark i årets valkamp. Geir Iversen, også han ny på Stortinget, seier han vil jobbe saman med Frp i denne saka.

– Frå øvste hald i partiet har me fått beskjed at me ønskjer ei slik utgreiing. Så dette skal me få til, seier Iversen.