Hopp til innhold

Framleis stor rasfare i Nord-Norge

Tre vegar i Finnmark er stengde grunna snøras. Det er venta at skredfarenivået – som no er på betydeleg – vil vare til måndag.

Bom Leirbotnvann

LEITBOTNVATN: Det er venta at kolonna over Sennalandet starter opp att laurdags kveld klokka 21-21.30. Vegen var lenge stengt grunna rasfare, og er no stengt grunna bilberging.

Foto: André Bendixen / NRK

Varsom.no melder at kraftig vind og bygevær har ført til ustabil fokksnø i leområde, typisk bak rygger, i søkk og renneformasjonar. Dette gjer at det skal lite til for ein skiløpar eller skuterførar å utløyse eit skred i bratte område.

Skredvarslinga melder om at ein må vere veldig forsiktig om ein ferdast i bratt terreng, spesielt om sikta er dårleg.

Skredfarevurderinga for Vest-Finnmark, Nord-Troms, Lyngen, Tromsø, Sør-Troms, Indre-Troms, Lofoten og Vesterålen, Ofoten, Salten, og Svartisen, er sett til faregrad 3 – betydeleg, og er venta å vere på det nivået til måndag på størsteparten av områda.

Òg i Aust-Finnmark kan skredfaren no vere på grad 3, men det er ikkje innanfor områda som blir dagleg vurdert av skredvarslinga. Snøskredvarslinga går likevel ut ifrå at nivået er 3 – betydeleg.

Vegsituasjonen i Finnmark

På fjellovergangen Sennalandet på E6 er det no stengt grunna berging av eit vogntog som var med i kolonnen over, men som køyrde ut i Stokkedalen. Det er venta at kolonnekøyringa vil starte opp att rundt klokka 21-21.30 laurdags kveld.

Snøskred i Sør-Varanger

Ingen blei skadd då det gjekk eit 10–15 meter bredt snøskred på fylkesveg 354 i Sør-Varanger laurdag morgon. Ein bilist klarte akkurat å unngå snøskredet.

Foto: Trygg Arne Larsen

Sennalandet opna først for kolonnekøyring laurdag klokka 17, etter å ha vore stengt sidan fredag, då det gjekk fleire snøskred. Det var planlagt å sprenge bort resten av snøskavlane langs vegen, men i 14-tida raste dei ut sjølve, og vegen kunne ryddast for kolonnekøyring.

I Finnmark er no tre strekningar stengde grunna snøras:

  • Fv 112 Akkarfjord – Finnelv har vore stengt sidan laurdag klokka 10. Det vil bli gjort ei ny vurdering av vegen søndag klokka 10.
  • Fv 264 Hopseidet – Skjånes har vore stengt sidan laurdag 18.15, då det gjekk to ras. Det vil bli gjort ei ny vurdering av vegen søndag klokka 12:00.
  • Fv 890 Berlevåg – Kongsfjord, på strekningen Tana bru – Berlevåg har vore stengt sidan klokka 15.00. Vegen vil ikkje bli opna i løpet av laurdag. Det vil bli gjort ei ny vurdering når det blir lyst søndag.

Òg i Troms og Nordland er skredfaren høg. I Lyngen i Troms gjekk det laurdag eit ras ved Pollfjelltunnelen.

I tillegg til dei rasstengde vegane, er ei rekke vegar stengde eller kolonnekøyrte grunna uvêr.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark