For tretti år sidan, i 1985, viste NRK programserien «Finnmark mellom øst og vest», ein programserie laga av Knut Erik Jensen. Serien tar utgangspunkt i katastrofen som ramma Finnmark og Nord-Troms under andre verdskrig, og er ei detaljert skildring av livet i nord under og etter krigen.
Over 50.000 menneske blei med tvang ført bort frå sine heim og blei flyktningar i eiget land. Knut Erik Jensen skildrar i serien dramaet rundt brenninga av landsdelen kor han sjølv vaks opp. Serien tar også for seg gjenoppbygginga av Finnmark og Nord-Troms etter krigen.
- Sjå første episode av «Finnmark mellom øst og vest» øvst i saka!
- Dei fem neste episodane finn du her.