Førebels obduksjonsrapport: Ingen ytre skadar

Det er ikkje funne skadar eller liknande på det avdøde ekteparet i Gjesvær, viser obduksjonsrapporten som var klar onsdag ettermiddag.

Gjesvær kirke

Kyrkja i Gjesvær flagga på halv stong søndag. Laurdag ettermiddag døydde to personar i 40-åra i det vesle fiskeværet i Nordkapp kommune.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

– I dag har vi fått beskjed frå patologen ved Universitetssjukehuset Nord-Norge, og dei kan ikkje finne nokre ytre påverknader som kan forklare dødsfallet, seier politiadvokat i Finnmark politidistrikt, Karoline Johansen.

– Dei har ikkje funne skadar eller liknande på dei avdøde.

Onsdag ettermiddag fekk politiet overlevert ein førebels obduksjonsrapport på ekteparet som blei funne døde i Gjesvær laurdag.

Denne rapporten tar berre for seg ytre skadar. Den fullstendige rapporten, som også tar for seg alt inne i kroppen, vil det framleis ta opptil tre månadar før er klar, forklarar Johansen.

– Men det er også sendt inn blodprøvar og urinprøvar av dei to avdøde, og resultata av dei kjem nok før. Om eit par vekar, vil eg tru.

Framleis usikker dødsårsak

Johansen fortel at dei framleis ikkje er sikre på grunnen til at ekteparet døydde.

– Det vi veit er at dei avdøde skal ha vore sjuke ei vekes tid med streptokokkar, utan at vi kan fastslå at det er dødsårsaka, seier ho.

– To av dei mindreårige borna til dei avdøde skal også ha vore sjuke med streptokokkar, og har vore på sjukehuset i Hammerfest. Dei var ikkje alvorleg sjuke og vart sende tilbake til Gjesvær berre timar seinare.

Laurdag vart eit ektepar i 40-åra funne døde i heimen deira i den vesle bygda Gjesvær i Nordkapp kommune. Mannen var norsk statsborgar, medan kvinna opphavleg var frå eit asiatisk land. Det var det eldste av dei tre borna i heimen som varsla politiet om dødsfalla.

Folkemøte i Gjesvær

Søndag vart det halde eit folkemøte i grendehuset i Gjesvær. Politiet, ordføraren og kommunelegen var til stades for å svare på spørsmål om dei uvanlege dødsfalla.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

15 dødsfall i 2016

Då det vart arrangert eit folkemøte i Gjesvær søndag vart streptokokkar nemnt som ein mogleg grunn til dødsfalla. Både mannen og kvinna hadde nokre dagar tatt penicillin mot denne sjukdommen, som i dei aller fleste tilfelle er ufarleg.

– Vi veit ingenting om dødsårsaka hittil. Men eg har også registrert at dette temaet om streptokokkar har blitt nemnt. Streptokokkar er veldig vanlege bakteriar som vanlegvis fører til relativt harmlause halsinfeksjonar, som då behandlast greitt med penicillin. I svært, svært sjeldne tilfelle kan dei endre karakter og bli farlege og føre til blodforgifting, seier fylkeslege Eivind Merok til NRK.

Eivind Merok

Eivind Merok, fylkeslege i Finnmark, seier at det berre er i svært sjeldne tilfelle streptokokkar fører til dødsfall. Ifølgje Folkehelseinstituttet døydde 15 personar av streptokokkar i Norge i 2016. Tala for 2017 er ikkje klare enno.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Ifølgje tal NRK har fått frå Folkehelseinstituttet døydde 15 personar i Norge av streptokokkar i 2016. Tala frå 2017 er enno ikkje klare.

– Borna i gode hender

Cato Engebretsen, fungerande sokneprest i Nordkapp, fortel om ei spesiell stemning i kommunen og i Gjesvær spesielt. Mange er usikre og føler at dei ikkje får svar på spørsmåla dei har.

– Det er ikkje så mange som bur i Gjesvær. Når to personar då brått døyr, så merkast det jo veldig. Det som gjer det ekstra ille er jo borna som er ramma. Det er mange som går rundt og tenkjer på dei. Mange er bekymra for framtida til borna. Det forstår eg godt. Men som vi høyrde på informasjonsmøtet søndag er dei i gode hender, seier Engebretsen.

Han legg til at folket i bygda ut frå hans erfaringar er flinke til å ta vare på kvarandre.

Laster kart, vennligst vent...

Gjesvær er eit fiskevær i Nordkapp kommune heilt nord i Finnmark.