For folkerøysting, mot utsetjing

Frp varslar som venta at dei vil røyste for ei folkerøysting, men Johnny Olaussen trur det vil vere dumt å utsetje heile samanslåingsprosessen til røystinga er ferdig. Olaussen kom også med sterkt kritikk mot sin gruppeleiar Claus Jørstad, for å ha kalla ei folkerøysting for eit populistisk tiltak. Jørstad er ikkje til stades i fylkestinget i dag.