Hopp til innhold

Flytande atomkraftverk bekymrar

Neste sommar skal eit flytande russisk atomkraftverk slepast langs norskekysten. Det uroar norske myndigheiter, som i dag tok opp problematikken med russarane.

Oleg Krjukov og Marit Berger Røsland

MØTE I KIRKENES: Fagdirektør i Rosatom, Oleg Krjukov og statssekretær i Utenriksdepartementet, Marit Berger Røsland i den norsk-russiske atomtryggingskommisjonen.

Foto: Arne Egil Tønset / NRK

Onsdag var det møte i den norsk-russiske atomtryggingskommisjonen i Kirkenes. Høgt på lista over tema som skulle opp var flyttinga av kraftverket "Akademik Lomonosov", som skal slepast frå St. Petersburg til Barentshavet neste sommar.

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Marit Berger Røsland møtte mellom anna fagdirektør i Rosatom, eit russisk statleg selskap med ansvar for kjernekraftindustrien i landet.

– Kraftverket har vore tema her i dag og det var tema mellom utanriksminister Børge Brende og øvste sjef i Rosatom i går. Så vi har tatt opp dei norske bekymringane knytt til dette slepet.

– Vi har blitt lytta til

Utanriksminister Børge Brende reiste tysdag morgon til Andrejevbukta i Russland, for å vere til stades på den første utskipinga av atomavfall frå «Europas farlegaste atomsøppelplass», berre få mil frå norskegrensa.

Ifølge Røsland har utanriksdepartementet etablert ein god dialog med russiske myndigheiter om slepinga som skal skje neste sommar.

– Vi har blitt lytta til og vi har fått vite at endelege avgjerder ikkje er tatt på russisk side. Det meiner vi i seg sjølv er eit positiv svar.

Kola atomkraftverk

Å ta ut to av dei eldste atomreaktorane ved atomkraftverket på Kola var blant temaa som blei tatt opp i den norsk-russiske atomtryggingskommisjonen onsdag.

Foto: Tormod Haugstad / Teknisk Ukeblad

– Så vi kjem til å bruke tida framover til å fremje alle dei faglege innspela vi har – med god hjelp av Statens strålevern og Ole Harbitz (direktør for Statens strålevern, journ. anm.) Så vi kjem til å jobbe vidare med å spele inn så forsvarlege løysingar som mogleg.

Kunne ikkje svare på Brendes krav

Fagdirektør i Rosatom, Oleg Krjukov stadfester at dette vart tatt opp på onsdagens møte.

– Spørsmålet kom opp, men det ligg utanfor mitt kompetanseområde og kommisjonens møter generelt.

Krjukov sa òg at utanriksminister Børge Brende tok opp temaet med øvste sjef ved Rosatom, under markeringa dagen før. og at norsk myndigheiter vil få god informasjon under ferda.

– Generaldirektøren i Rosatom vil gi ein underordna oppgåva med å gi fullstendig informasjon til den norske part.

Oleg Krjukov og Marit Berger Røsland

Fagdirektør i Rosatom, Oleg Krjukov sa at dei norske og russiske partane har tillit til kvarandre i handteringa av atomavfall.

Foto: Arne Egil Tønset / NRK

Utanriksminister Børge Brende sa under tysdagens markering at eit naturleg krav til frakta av det flytande atomkraftverket er at det ikkje transporterer anriket uran. Krjukov ville ikkje svare på om det var eit krav Russland kunne gå med på, og sa at dette ikkje blei tatt opp på dagens møte.

– Å transportere anriket uran, nei, det diskuterte vi ikkje i dag. Kommisjonens viktigaste oppgåve er å diskutere handtering av historisk radioaktivt avfall, seier han.

– Det kommisjonen diskuterer er handtering av brukt kjernebrensel, radioaktivt avfall, at dei eldste atomanlegga takast ut av produksjon – det er det vi driver med.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark