Hopp til innhold

Fiskarlaget meiner kvotedryss til Gamvik er konkurransevridande

Norges fiskarlag og andre fiskeriaktørar i Finnmark jublar ikkje like høgt for Gamvik sine nye fiskekvotar. – Nokon vil tape på dette.

Lederen i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen

MOT EIGNE DISTRIKSTKVOTER: Leiar i Norges fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen trur kvotetildeling til eit spesifikt område vil gi ei uheldig konkurransevriding i fiskerinæringa, og vil ikkje ha distriktskvotar.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Dette vil gi ei skeivfordeling i forhold til alle andre bedrifter, både dei som er i nærområdet til Gamvik og bedrifter som er i andre deler av landet.

Dei seier leiar i Norges fiskarlag Kjell Ingebrigtsen, som går ut mot regjeringas siste fiskeritiltak.

Onsdag kom statssekretær Ronny Berg i Nærings- og fiskeridepartementet med nyheita om ei planlagt distriktskvote.

Ronny Berg

– Vi tar sikte på at ordninga skal gjelde frå 2018 og ha ei varigheit på to år. Vi håper at tiltaket kan danne grunnlag for stabil råstofftilførsel på sikt, sa Berg under besøket i Gamvik.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

– Vil gi konkurransefortrinn

Ordførar i Gamvik var stornøgd då det blei klart at kommunen får ei kvote på 3000 tonn torsk som skal leverast til kommunen. Det kjem godt med for nystarta Finnmark Fisk A/S, som startar produksjon i Gamvik i januar.

Men fiskarlaget er uroa for kva ei slik særordning vil føre med seg, og for mengda som er sett av.

–Vi skal hugse på det at 3000 tonn er jo ein stor pott, som blir til eit heilt spesielt område. Det vil jo gi konkurransefortrinn før alle som driver i same type verksemd, seier han.

Fiskarlaget ser veldig positivt på etableringa som no skjer i Gamvik.

– At det kjem nye arbeidsplassar er veldig viktig.

– Press på råstofftilgangen

Dette vil gå utover andre aktørar i næringa, trur dagleg leiar i Cape Fish i Honningsvåg, Bjørn Ronald Olsen.

– Vi har jo ei totalkvote som gjelder, så når det er nokon som får ei ekstrakvote på t.d. 3000 tonn, så er det nokon andre det går utover, seier han.

Akkurat som Ingebrigtsen i Fiskarlaget så reagerer han på storleiken på den tildelte kvoten. Den totale torskekvote var i år på 400 000 tonn. 0,75 prosent av den blir med forslaget frå regjeringa øyremerka til levering til éin kommune.

Bjørn Ronald Olsen

Bjørn Ronald Olsen er dagleg leiar i Cape Fish, som driv med krabbe, kvitfisk, salta fisk, klippfisk m.m. Olsen trur ekstra kvote til Gamvik vil gi ytterlegare press på råstoff for dei resterande fiskeribedriftene.

Foto: Kristian Sønvisen Bye / NRK

Kvoten går ned

Neste år er kvoten venta å gå enda meir ned. Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår å redusere kvoten med så mykje som 20 prosent.

– Det vil bli ytterlegare press på behovet for råstoff. Generelt så lir alle bedriftene som no eksistere og som har vore her i mange år, av at vi har for lite råstoff, seier Olsen.

– Hadde det vore ei kvote ein kunne auke med 3000 tonn, så var ikkje dette noko problematisk, men slik er det ikkje.

Olsen trur tiltaket vil vere veldig positivt for Gamvik kommune og området, men er skeptisk til at det berre skal gjelde éin kommune.

– Dette er noko mange distrikt i Finnmark treng, så det er klart at dersom dette er ein måte å styrke distrikta i Finnmark, som er avhengige av fiskeri på, så er det veldig positiv. Eg håpar at regjeringa gjer det for andre distrikt som er avhengige av fiskeri, ikkje berre eitt distrikt.