Hopp til innhold

Fire samfunn i Finnmark framleis avstengde, usikkert når vegane blir opna

Mange tusen innbyggjarar i Nordkapp, Hammerfest, Hasvik og Havøysund er avstengde frå omverda grunna uvêr.

Reidun Mortensen

Måsøy-ordførar Reidun Mortensen fortel at folket i hennar kommune er vande med stengde vegar og uvêr. Sett vekk frå at fleire har problem med å kome seg på jobb, har ikkje den spesielle situasjonen ført til dei heilt store problema så langt.

Foto: Allan Klo

Snøras og anna uvêr har gjort påska utriveleg for mange i nord. Laurdag føremiddag hadde fleire vegar endra status frå stengde til opne – om ikkje anna i form av kolonnekøyring.

Men det er framleis stengde vegar inn til Hammerfest, store delar av Nordkapp kommune – og Havøysund og andre stader i Måsøy kommune. Dessutan vart fylkesveg 102 til Sørvær i Hasvik kommune, som også har vore stengt i periodar tidlegare, på nytt stengt laurdag føremiddag.

Det er usikkert når vegane blir opne igjen, ifølgje Christer Svendsen i Vegtrafikksentralen.

– Fleire usikkerheitsmoment

To snøskred i går gjorde at ein ikkje lenger kan køyre bil til Hammerfest, ein by med over 8000 innbyggjarar.

Ordfører Alf E. Jacobsen i Hammerfest

Ordførar i Hammerfest, Alf E. Jakobsen, håper riksveg 94 til Hammerfest blir opna i løpet av dagen. Statens vegvesen skal vurdere vegen på nytt klokka 20.00.

Foto: Knut Eirik Olsen / NRK

– Går alt etter planen kan vegen bli opna i løpet av dagen. Men det er fleire usikkerheitsmoment. Først må helikopteret bli ferdig med arbeidet i Nordkapp. Dessutan er det funne rasskavlar på andre sida av vegen der dei to rasa gjekk i går, seier ordførar Alf E. Jakobsen.

Varaordførar Marianne Sivertsen Næss forstår også at mange er fortvila og redde.

– Det er nok mange her som er bekymra, sidan det gjekk eit snøras langs riksveg 94. Heldigvis gjekk det ingen liv. Det var flaks at det gjekk så bra som det gjekk, seier Næss.

Til sjukehuset luftvegen

Ho vil likevel ikkje overdramatisere situasjonen. Det er fleire måtar ein kan kome seg til Hammerfest på, mellom anna med båt. Det har blitt sett opp ekstra båtavgangar til Hammerfest både i går og i dag.

Marianne Sivertsen Næss, varaordfører i Hammerfest (Ap)

Så lenge den unntakssituasjonen i Hammerfest ikkje blir verre, trur varaordførar Marianne Sivertsen Næss folket skal klare seg bra.

Foto: Allan Klo

Hammerfest husar også eitt av dei to sjukehusa i Finnmark. Også dei får ekstra utfordringar når dei er avstengde frå omverda.

– Alt har heldigvis gått bra så langt. Det er jo ingen ukjent situasjon for AMK-sentralen. Dei er vande med slike type utfordringar, seier Jørgen Nilsen, klinikksjef for prehospitale tenester ved Finnmarkssykehuset.

Førebels god tilgang på luftambulansar og båtambulansar har gjort situasjonen grei så langt.

Bilen som nesten ble tatt av skredet

Øyvind Berg og familien køyrde rett inn i skredet ved Stallogargotunnelen.

Foto: ESKIL WIE FURUNES / NRK

Får mat sjøvegen

I Nordkapp har rådmannen kalla inn til krisemøte for å sjå på den spesielle situasjonen. I Måsøy ser det så langt ikkje ut til å vere nødvendig å setje inn spesielle tiltak frå kommunen si side.

– Vi har vore avstengde stort sett heile påska. Men i og med at ein kan nytte sjøvegen får vi inn forsyningar på den måten, seier ordførar Reidun Mortensen.

Ho legg til at Måsøy kommune er vande med slike situasjonar.

– Butikkane bestiller inn mat med Hurtigruten i staden for via bil. Folket her er vande med å berge seg i denne typen situasjonar. No har det gått lenger tid enn vanleg. Men det er ikkje krise her så langt, meiner Mortensen.

PS. Helikopteret som laurdag føremiddag er i arbeid i Nordkapp skal etter planen først vidare til Hammerfest og deretter til Havøysund.

Ras ved RV 94

Raset som gjekk ved Stallogargotunnelen var 300 meter breitt, melder politiet. Det delte seg i fem løp før det trefte riksveg 94.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK