Hopp til innhold

Finnmarksløpet og Femundløpet ryk for Ekran

Den tidlegare verdsmeisteren har skada kneet og er ute resten av hundekøyresesongen.

Sigrid Ekran

KNESKADE: Hundekøyrar Sigrid Ekran har fått beskjed om at det vil ta 6–8 veker før leddbandet har grodd.

Foto: Petter Ekran / Privat

Hundekøyrar Sigrid Ekran, som har vunne både Femundløpet og Finnmarksløpet to gonger, var heime og trente med hundespannet då ho velta med sleden.

– Det var ikkje så dramatisk, men eg falt i ein sving og blei sittande fast. Det gjorde at eg fekk ein uheldig vriding i kneet, seier Sigrid Ekran, som no er i Oslo for behandling.

Velten førte til eit roke leddband i høgre kne, og beskjeden får legane er at leddbandet treng 6–8 veker på å gro. Femundløpet, som startar alliere 10. februar er derfor umogleg. Finnmarksløpet, der Ekran òg er påmeldt, startar 11. mars, men legane trur at òg dette løpet er umogleg i år.

Sigrid Ekran
Foto: Petter Ekran / Privat

– Eg har framleis eit lite håp om at det skal gå, men eg bør vel lytte til ekspertisen, legane og fysioterapeutane, seier Ekran, som no går på krykker og får behandling på Olympiatoppen i Oslo.

Hundane er i god behald, og klare for å konkurrere. I Finnmarksløpet vil kjærasten Erlend Johannessen køyre eit av spanna. Ekran vil no, saman med teamet sitt vurdere om dei skal melde Thea Mortensen på med eit spann på 1000 kilometeren. Mortensen er no påmeldt FL 500.

– Vi må i så fall snakke med leiinga i Finnmarksløpet og høyre korleis det kan gjerast, seier Ekran.

Trass skaden vil ho ta turen til Finnmark under løpet, og stå på sidelinja.

– Det kan nok vere lærerikt for meg å sjå løpet frå den andre sida, seier ho.

Sigrid Ekran

Sigrid Ekran vann Finnmarksløpet i 2015. Då brukte ho 6 dagar, 3 timar og 21 minutt på det 1100 kilometer lange løpet.

Foto: Knut-Sverre Horn

Ein av favorittane

– Ho var sjølvsagt ein av favorittane med dei resultata ho har å vise til, seier presse- og informasjonsansvarleg Trond Anton Andersen i Finnmarksløpet.

Andersen trur det kan bli ein hard kamp om førsteplassen i årets 1000 kilometerløp. Han har tru på at dei som var på topp i fjor, vil vise seg fram òg i år.

– Petter Carlsson har gode sjansar dersom det blir godt føre, seier han.

Trond anton andersen

Presse- og informasjonsansvarleg Trond Anton Andersen i Finnmarksløpet.

Han nemner òg Ronny Frydenlund, Marit Beate Kasin, Arnt Ola Skjerve og Thomas Wærner.

Andersen veit ikkje korleis sesongen har vore for Ekran så langt, og seier at fjorårets sesong ikkje var av dei beste.

– Eg veit ikkje kor god ho er no, men ho er nesten alltid god, seier han.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark