NRK Meny
Normal

Finnmark krev utsetjing av samanslåinga – til folket har sagt sitt

Finnmark nektar å føye seg etter Stortinget. Dei krev full stopp av samanslåinga med Troms før det er gjennomført ei folkerøysting, men kommunalministeren let seg ikkje stoppe.

Ragnhild Vassvik på fylkestinget

Fylkesordførar i Finnmark, Ragnhild Vassvik (Ap), har saman med fleirtalet i fylkestinget bestemt at dei skal halde ei folkerøysting om samanslåingsprosessen. Dei har også bestemt å utsetje heile samanslåingsprosessen til folkerøystinga er gjennomført. Det skjer truleg i mai.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Fylkestinget vedtok i dag både å seie neie til Gardermoen-avtalen, ja til ei folkerøysting om spørsmålet – og dessutan å utsetje heile samanslåingsprosessen til folkerøystinga er gjennomført.

Truleg blir folkerøystinga gjennomført i mai.

– Eg er nesten rørt, sa fylkesordførar Ragnhild Vassvik (Ap) då vedtaka var banka gjennom klokka 13.20 torsdag.

I februar vart forhandlingsdelegasjonane til Finnmark og Høgre einige om ein avtale om korleis det nye storfylket skal sjå ut frå 1. januar 2020. Tidlegare justisminister Knut Storberget rodde i land det som vart kalla Gardermoen-avtalen.

Snudde om avtale

Men kort tid etterpå hausta avtalen sterk kritikk frå mange. Etter kvart gjekk til og med representantar frå Finnmark sin forhandlingsdelegasjon imot Gardermoen-avtalen. Johnny Ingebrigtsen frå SV seier at mellom anna dårleg tid og lite søvn kan ha påverka at avtalen vart dårleg.

– Men vi ser no den folkelege motstanden mot samanslåinga. Dessutan har departementet bekrefta at det er greitt å nytte seg av ei folkerøysting i denne saka.

Kurt Wikan m. fl.

Frå venstre: Anne T.E. Balto (Senterpartiet), Johnny Ingebrigtsen (SV), Remi Strand (Ap) og Kurt Wikan (Senterpartiet) diskuterer i ein pause.

Foto: Eskil Wie Furunes

Trur Stortinget kan snu

Ingebrigtsen trur det er fullt mogleg at stortingsfleirtalet snur i saka om å slå saman Troms og Finnmark.

– Vi ser jo kva som skjer på Stortinget i dag. Ikkje mange hadde trudd at stortingspresidenten skulle bli skifta ut. Det skjer etter press frå både folket og politikarane, meiner Ingebrigtsen.

KrF og Venstre gjer lurt i å høyre på folket, legg SV-gruppeleiaren til.

Vi ser jo kva som skjer på Stortinget i dag. Ikkje mange hadde trudd at stortingspresidenten skulle bli skifta ut.

Johnny Ingebrigtsen

Venstre og Frp for

Også Venstre sin gruppeleiar i Finnmark fylkesting, Trine Noodt, meiner ei folkerøysting vil vere ein god idé. Og om folket i Finnmark seier nei til ei samanslåing i Troms, bør Venstre si toppleiing merke seg dette, seier Noodt.

– Då vil eg ta med resultata til Venstre si stortingsgruppe og synleggjere for dei den motstanden som finst i Finnmark mot samanslåinga med Troms, varslar Venstre-representanten.

Også representantane til eit anna regjeringsparti, Frp, røysta for ei folkerøysting.

Berre fire imot folkerøysting

Ein av dei som ikkje ville ha folkerøysting var Høgres gruppeleiar Jo Inge Hesjevik.

– Vi aksepterer at eit stort fleirtal i Finnmark seier nei til ei samanslåing med Troms. Men det er respektlaust overfor både Troms og Stortinget å utsetje denne saka, seier Hesjevik.

Berre fire representantar, tre frå Høgre og éin frå KrF, røysta imot folkerøysting.

Både Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet og Kystpartiet røysta for forslaget om å utsetje samanslåingssaka til folkerøystinga er gjennomført.

Det er respektlaust overfor både Troms og Stortinget å utsetje denne saka.

Jo Inge Hesjevik

Mæland tar jobben sjølv

Kommunalminister Monica Mæland seier til NRK at Finnmark fylkesting står fritt til å halde ei folkerøysting, men at ho må ta omsyn til vedtaket i Stortinget.

– Dei visste godt om motstanden i nord, og dei har fatta vedtaket to gonger, seier Mæland.

I løpet av få veker vil ho sjølv sette ned ei såkalla fellesnemnd med politikarar frå begge fylka. Nemnda skal jobbe vidare med å førebu samanslåinga.