NRK Meny
Normal

Finnmark Ap med soleklart nei til Troms

Mot 11 røyster bestemte Finnmark Ap seg for å seie nei til Gardermoen-avtalen.

Fylkesårsmøte i Finnmark Ap 2018.

Helga Pedersen, leiar i Tana Ap, er ein av forkjemparane for at Finnmark ikkje skal slå seg saman med Troms.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Det skjedde under årsmøtet til Finnmark Ap i Kirkenes søndag føremiddag.

Det var representantar frå AUF og Alta som røysta imot. Vedtaket er uansett ein stor siger for ein profilert politikar som Helga Pedersen, tidlegare nestleiar i Ap.

– Eg er glad for at Finnmark Ap på ein så tydeleg måte har sagt nei til denne avtalen, for det ville ha betydd ei storstilt flytting av makt ut frå Finnmark. Avtalen ville også gitt ein veldig dårleg start på den nye regionen, seier Pedersen til NRK.

– Kan ikkje bli verre

Pedersen er i dag leiar i Tana Ap. Ho presiserer at jobben ikkje er gjort enno.

– No må vi legge press på regjeringa for å sikre at dei innfrir dei løfta dei gav før valet, at Finnmark skulle få ei balansert løysing. Om det ikkje skjer, må regjeringa gå tilbake til Stortinget og oppheve vedtaket om tvangssamanslåing.

– Men risikerer ikkje Finnmark med dagens vedtaket å få ein dårlegare avtale enn Gardermoen-avtalen?

– Slik eg ser det kan vi for det første ikkje få ein avtale som er dårlegare enn den vi har på bordet. På den andre sida vil det eventuelt setje regjeringa i eit svært dårleg lys, sidan dei før valet lovde ei balansert løysing med omsyn til fordeling av arbeidsplassar og makt, seier Pedersen.

Fryktar dårlegare avtale

Ikkje alle er like sikre på at det vil kome ein betre avtale på plass. Lokallaget Alta Ap var det einaste lokallaget som stemte ja til avtalen, saman med dei fleste AUF-representantane.

– Vi har eit val mellom å redde stumpane og lage ein eigen avtale med Troms, eller sende alt til regjeringa. Om regjeringa kjem opp hit, er eg redd for at dei kjem til å øydelegge endå meir, seiar Ole Steinar Østlyngen, leiar i Alta Ap.

– Eg håper eg tar feil, legg han til.

Troms ikkje overraska

Cecilie Myrseth, leiar i Troms Ap, er på plass under helgas årsmøte i Kirkenes som gjest. Ho er ikkje overraska over det soleklart nei-et frå Finnmark Ap.

– Nei, dette har vi sett kome i fleire veker. Dette er eit uttrykk for misnøye med tvangssamanslåinga og mangel på arbeidsoppgåver som er lagt på bordet, seier Myrseth til NRK.

Under debattane i Kirkenes laurdag vart det kome med fleire harde karakteristikkar mot representantar frå Troms sin delegasjon i forhandlingane. Fylkesvaraordførar Ragnhild Vassvik nytta uttrykk som «arrogant» og «usolidarisk».

– Eg aksepterer ikkje slike uttrykk. For dei stemmer ikkje. Vi har kome i ein vanskeleg situasjon som vi skal gjere det beste ut av, seier Myrseth.

Og legg til:

– Eg trur ikkje det først og fremst handlar om misnøye med Troms. Det er Høgre, Frp, Venstre og KrF som har bestemt samanslåinga. Så det er dit sinnet må rettast. Men det er jo alltid lettast å ta dei som ligg nærast, seier Myrseth.

Cecilie Myrseth

Cecilie Myrseth er leiar i Troms Ap og stortingsrepresentant. Ho tala under Finnmark Ap sitt fylkesårsmøte i Kirkenes denne helga.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fylkestinget seier nei

Sidan Arbeidarpartiet manglar berre éi røyst på å ha fleirtal i fylkestinget i Finnmark, var det lenge knytt stor spenning til søndagens vedtak. Fylkestinget tek opp saka seinare i mars.

At Ap i Finnmark seier nei til avtalen betyr etter alt å døme at kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (Høgre) må gripe inn i den betente konflikten mellom Finnmark og Troms.

Det er vedteke at dei to fylka skal slå seg saman frå 1. januar 2020.

Årsmøtet til Finnmark Ap vedtok som venta også å seie nei til ei samanslåing med Troms Ap. Kristina Hansen frå Nordkapp vart samrøystes valt til ny leiar i fylkeslaget etter Ingalill Olsen.

Fylkesårsmøte i Finnmark Ap 2018.

Fylkesordførar i Finnmark, Ragnhild Vassvik (til venstre), forhandla fram den i Finnmark upopulære Gardermoen-avtalen. I ettertid har ho kome med sterk kritikk mot Troms sin delegasjon. Cecilie Myrseth frå Troms (til høgre) er no stortingsrepresentant og ikkje med i forhandlingane. Men under helgas fylkesårsmøte i Kirkenes sa Myrseth seg lei all kritikken partifellane i Troms har fått.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix