NRK Meny

Fengsel for sal av steroider

Ein mann i 30-åra er dømt i Alta tingrett for oppbevaring, sal og bruk av dopingmiddel. Det skriv iFinnmark. Mannen skal mellom anna ha oppbevart 291 kapslar med anabole steroid. Han skal også ha selt anabole steroid til ein annan mann. Mannen sa sjølv i retten at dopingpreparatane var meint til eiget bruk. Retten dømte mannen til betinga fengsel i 30 dagar.