NRK Meny
Normal

Fekk snøterapi for snøskrekken

Førre gong Bjørg Thorhallsdottir møtte familien var dei fem. Då ho møtar dei igjen i Alta, er dei berre fire. Eldste dottera deira på 16 år har omkome i snøskred. Dei har kome til Finnmark for å få eit godt forhold til snø igjen.

Snøengel

SNØENGEL: Aktivitetane har stått i kø for den austerrikske familien. Ida Krisper (10) har laga mange snøenglar dei siste dagane.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

– Eg har aldri tenkt på at man kunne utvikle eit så angstfylt forhold til snø etter å ha blitt teken av skred. Minstejenta på 10 år torde ikkje å stå på ski og var redd for snø. I skredet låg ho 20 centimeter frå systera som døde, fortel Bjørg Thorhallsdottir.

Thorhallsdottir møtte familien for første gang då ho budde på Hawaii i fjor.

– Vi var saman med familien frå Austerrike nesten kvar dag. Vi var på stranda saman, gjekk turar, surfa og hadde det heilt fantastisk.

Dei beheldt kontakta. Vinterferien 2017 fekk Thorhallsdottir invitasjon til å bli med familien på skiferie i Austerrike.

– Eg fekk ein skikkeleg dårleg magefølelse og blei ikkje med. På same turen blir heile familien tekne i snøskred. Dottera på 16 år omkom. Eg blei veldig fortvila og ville gjere noko.

Familien Krisper på Hawaii

IDYLL PÅ HAWAII: Heile familien Krisper samla på stranda før ulykka. Peter, Lotte, Emma, Ida og Eva.

Foto: Privat

Prøvar å hjelpe

Kunstnaren Bjørg Thorhallsdottir, som også arbeidar som inspirator og foredragshaldar, ringde stadig til familien for å høyre om det var noko ho kunne gjere.

– Rett før jul seier mora i familien at det einaste dei treng, er å få eit godt forhold til snø igjen.

Thorhallsdottir ringde veninna si i Alta, Grete Sætermo Rugland. Kan dei kome på besøk til snøfylte Finnmark? Rugland svara ja.

– Det som har skjedd denne første veka i januar er heilt magisk, fortel Thorhallsdottir.

Privat

ISHOTELLET SORRISNIVA: – Eg var spent på korleis dette kom til å gå. Det er jo litt som å ligge under snøen igjen, fortel Bjørg Thorhallsdottir. Bak ho står Grete Rugland og systrene Lotte Krisper og Ida Krisper. Besøket var vellykka.

Foto: Privat

Leikar i snøen

– Eg vil gå der snøen er djupast, seie minstejenta Ida.

NRK møter familien på torget i Alta. I gule skibukser går ikkje den vesle jenta på vegen som er brøyta. Ho går der det er mest snø.

Ida Krisper og hund i Alta

HUNDEKØYRING: – Det beste var å køyre hundeslede, fortel Ida Krisper.

Foto: Privat

– I dag har vi køyrt hundeslede. Det var kjempeartig! Hundane var skikkeleg raske og ville verkeleg springe, fortel storesyster Lotte.

Den triste historia om eldste dottera vil ikkje mor Eva fokusere på. Dei ønskjer å skape nye minner og sjå framover. Dei siste dagane har aktivitetane stått i kø.

– Vi har gått på langrennsski, besøkt snøhotellet, hatt snøballkrigar, laga snøenglar og køyrt spark. Det siste vi skal gjere er å jakte på nordlyset, fortel jentene.

– Det var spesielt fint å sjå jentene stå på ski. Dei hadde det artig med ein gong dei skjønte korleis alt fungerte. Dei rann til og med i bakkar igjen. Det å komme hit var som å entre ei anna verd, fortel mor til jentene, Eva Krisper.

Familien Krisper

LANGRENN: – Dette var morosamt. Eg har prøvd det ein gong før, men for jentene var det første gong, fortel Eva Krisper. Frå venstre: Bjørg Thorhallsdottir, Peter Krisper, Eva Krisper, Lotte Krisper og Ida Krisper.

Foto: Grete Sætermo Rugland / Privat