Hopp til innhold

Får dagbøter frå skatterobot for bedrift han ikkje har

På grunn av ein glipp har den arbeidslause mannen måtte betale over 500 kroner dagleg til Skatteetaten sin maskinelle innkrevjar.

Cristian Camilo Uribel Muriel og kona

– Det er mykje pengar for ein utan arbeid. No er det eg som må betale dette på ei låg inntekt som forsørgjer oss begge, seier kona Guro Uribe Saniola. Den første fakturaen var på 3955 kroner. Frå 21. juni må Cristian Camilo Uribe Muriel i tillegg betale ei dagleg mulkt på 565 kroner.

Foto: privat

– Det er heilt idiotisk, seier kona Guro Uribe Saniola. Ho risikerer å måtte punge ut opptil 56 500 kroner på vegne av ektemannen sin. Det er også uvisst om dette er pengar dei kan få tilbakebetalt seinare.

Cristian Camilo Uribe Muriel blei forundra då han plutseleg fekk ein faktura frå Skatteetaten på 3955 kroner, fordi han ikkje hadde levert næringsoppgåve for næringsdrivande med Skattemeldinga. Frå 21. juni kjem i tillegg ei dagleg mulkt på 565 kroner for føretaket han aldri har hatt.

Han flytta til Noreg for to år sidan saman med si norske kone. Sidan då har han hatt strøjobbar og gått på norskkurs.

Kristian Kamilo Saniola

Cristian Camilo Uribe Muriel var i 2017 på jobbjakt i Trondheim utan hell. No har turen gått vidare til kona sine heimelege trakter i Finnmark og han er busett i Tana.

Foto: Guro Uribe Saniola / Privat

– Han har aldri vore sjølvstendig næringsdrivande, er utan arbeid og får ikkje arbeidsløysetrygd. Nesten 4000 kroner i tvangsmulkt er mykje for ein utan pengar. Òg dette for ei manglande næringsoppgåve for eit selskap han aldri har hatt, seier kona Guro Uribe Saniola.

Ho tok straks kontakt med Skatteetaten.

– Det heile er latterleg. Eg måtte levere ei tom næringsoppgåve etter ordre frå Skatteetaten. Tvangsmulkta må betalast. Det er ingen veg utanom.

Alt skjer maskinelt

Skatteetaten kan ikkje uttale seg om enkeltsaker, men opplyser at slike tvangsmulkter blir utskrivne maskinelt. Klaging må skje i etterkant.

– Når Skatteetaten gir medhald i ei klage er det på grunn av opplysningar vi tek imot i ettertid, opplys Jannicke Valbrek, seksjonssjef for kundeservice i Skatteetaten.

Guro Uribe Saniola har lagt inn klage, då mannen pratar dårleg norsk. Ho fekk beskjed om at dei utskrivne dagbøtene må betalast.

Skatteetaten seier til NRK at i det dei mottar klaga vil dagbøtene bli stoppa. Dei vil kontakte paret for å gi rettleiing.

Ingen nåde å ha staten som kreditor

– Eg har fått bekrefta at det har skjedd ein feil i år og at Skatteetaten har levert ut næringsoppgåver til folk som ikkje skulle ha det, seier Stig Flesland.

Flesland er redaktør i Skattebetalerforeningen, ein interesseorganisasjon som har veileda skattytarar i 65 år. Han seier at berre personar som driv med næring skal ha næringsoppgåver. Det er merkeleg at ein som har budd i Noreg i to år og berre hatt småjobbar får denne.

– Det verkar som at denne mannen ikkje skulle ha motteke næringsoppgåve i utgangspunktet, men har fått feil. Vidare blir han no straffa for å ikkje ha levert den.

Stig Flesland

Stig Flesland, redaktør i Skattebetalerforeningen.

Foto: Bo Mathisen / Skattebetalerforeningen

Han fortel at tvangsmultordninga blei innført i 2017. Målet var å få fleire næringsdrivande til å levere oppgåvene.

– Men det løner seg å klage. Rundt 60 prosent får medhald.

Skatteetaten seier til NRK at problema dei hadde med utskrivingar av sjølvmeldingar i april er ordna, og gjentek at dei ikkje kan gå inn i enkeltsaker.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark