Hopp til innhold

Fann plast i 25 prosent av prøvane i fjorden: – Svært urovekkande

Havforskingsinstituttet fann store mengder plast i Repparfjorden i Finnmark. Både Naturvernforbundet og SV reagerer kraftig.

Terje van der Meeren

Slik samlar Terje van der Meeren inn fiskeegg ved å dra ein håv opp gjennom vassøyla. I botnen av håven legg det seg mellom anna fiskeegg, algetrådar, dyreplankton og mikroplast.

Foto: Havforskningsinstituttet

– Dette er svært urovekkande funn. Men det understrekar det vi har sagt i ei årrekkje, at miljøtilstanden i Repparfjorden er altfor dårleg kartlagt, seier Geir Jørgensen, regionsekretær for Nord-Norge i Naturvernforbundet.

Geir Jørgensen

Geir Jørgensen, regionsekretær for Nord-Norge i Naturvernforbundet, meiner det no blir viktig å finne kvar plasten i Repparfjorden kjem frå. – Det hjelper ikkje å rydde ei strand her og der. Vi må gå til kjeldene, seier Jørgensen.

Foto: Pressebilde

Det er forskar Terje van der Meeren ved Havforskingsinstituttet som har gjort dei overraskande plastfunna. Sidan 2015 har dei halde på med eggundersøkingar i Revsbotn og Repparfjorden i Finnmark. For det er eigentleg fiskeegg og yngel dei forskar på.

Van der Meeren jobbar mellom anna med å kartlegge konsekvensane av gruvedrift for torsken i Repparfjorden.

– Kvart år har eg funne denne typen fiber i prøvane utan å tenkje så mykje over det. Men no er jo merksemda rundt plastfiber auka. Derfor føler eg det er viktig for meg å seie frå om at eg har funne plast i så mange av prøvane – om lag 25 prosent, fortel van der Meeren.

Mikroplast

Biletet viser plastfibrane som flyt mellom algetrådar og dyreplanktonet raudåte. Biletet er forstørra åtte gonger.

Foto: Terje van der Meeren

– Plast er unaturleg

Forskaren reagerer med frustrasjon på sine eigne funn.

– Plast skal ikkje vere i det marine miljøet i det heile. Det er unaturleg. Nedbrytingstida er lang. Etter kvart som vi tilfører meir og meir av dette til det marine miljøet, vil konsentrasjonen auke.

– Kva konsekvensar kan den auka plastmengda i fjorden få?

– Plasten brytast ned i mindre og mindre fragment. Jo mindre dei er, jo større er sjansen for at dei blir tekne opp i næringskjeda. Dei kan brytast ned til så små partiklar at dei blir tekne opp i plankton, som igjen blir ete av fisk. Resultatet er at vi kan falle tilbake igjen som ein bumerang, seier forskaren.

Han legg til at han er usikker på kvar all plasten opphavleg kjem frå.

Delprosjektleder Terje Van der Meere er spent på resultatene av forskningsprosjektet.

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Terje van der Meeren, jobbar mellom anna med å kartlegge følgjene av gruvedrift for torsken i Repparfjorden i Finnmark. Men han har også funne urovekkande mengder plast.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Må få konsekvensar

At plastfunna er gjort nettopp i Repparfjorden gjer det heile endå meir spesielt. Det er i denne fjorden det er planlagt eit sjødeponi der massen frå ei planlagt gruve skal hamne.

– Det er overraskande at Havforskingsinstituttet finn så store mengder plast i Repparfjorden. Og det må få konsekvensar for korleis ein skal vurdere økosystemet i denne fjorden, meiner Geir Jørgensen i Naturvernforbundet.

Han får støtte frå stortingsrepresentant frå SV, Lars Haltbrekken.

– Plastfunna er urovekkande, skremmande og svært alvorlege. Og no står vi i fare for å pøse ut endå meir plast og forureining i Repparfjorden, med mindre regjeringa snur og stoppar planane om å tillate Nussir å dumpe avfallet sitt i fjorden, seier Haltbrekken.

3. mai skal Stortinget diskutere saka. SV ber om ei ny behandling av sjødeponiet i Repparfjorden.

Lars Haltbrekken

Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken, vil at spørsmålet om eit sjødeponi i Repparfjorden blir tatt opp på nytt i Stortinget.

Foto: NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark