NRK Meny
Normal

Mugg på kontoret tvingar politiet til å jobbe frå bilen

I Hasvik kjempar politiet ein fortvilt kamp – mot muggsoppen. No varslar lensmannen full tilbaketrekking frå det som truleg er Noregs verste lensmannskontor.

Hasvik lensmannskontor

BEST UTE: Det er ikkje bare fire månadar gamle Oskar (til venstre) som trivst best på utsida av Hasvik lensmannskontor. «Sheriffen i Hasvik» har sitt eige vesle lensmannskontor, medan politifolka helst jobbar frå bilen.

Foto: Privat

Ein råteskada brakkerigg frå 80-talet huser Hasvik lensmannskontor på Sørøya i Finnmark. Gjennomtrekken av politibetjentar er stor, i det som troner høgt oppe, kanskje aller høgst opp, på lista over Noregs verste lensmannsbygg.

Jobbar heller frå bilen

I vinter var bedriftshelsetenesta på besøk. Grunna soppfunna blei eit av kontora stengt av, medan det blei råda tidsavgrensa bruk av eit anna rom.

Andreas Rafoss Kverneland er ein av to politibetjentar på øya.

Til fagbladet Politiforum fortel Kverneland at veggsoppen gir han hovudverk, og at han og medbetjent Simen Eriksen prøver å jobbe frå politibilen størsteparten av arbeidsdagen.

Hasviks eneste politibetjenter

RULLANDE KONTOR: Politibetjentar Andreas Rafoss Kverneland (25) og Simen Eriksen (25) brukar heller dagen i bilen, enn i brakkebygget der dei har kontor.

Foto: Ole Martin Mortvedt, Politiforum

– Det var ikkje dette vi hadde tenkt oss då vi søkte oss inn i politiet, seier Kverneland og Eriksen til bladet.

Trass i at øya bare har om lag 1000 innbyggarar, byr jobben som politi på verkelege utfordringar. Rusproblematikk, konflikt mellom fastbuande og gjestearbeidarar, samt miljøkriminalitet i form av blant anna reirplyndring, er av oppgåver dei to må løyse, skriv Politiforum.

Snarast ut til hausten

Bygget som huser lensmannskontoret er eigd av Hasvik kommune, og har vore leigd ut til politiet sidan 80-talet.

– Vi ønsker oss ut av bygget i Hasvik.

Det seier regionlensmann for Hasvik og Hammerfest, Terje Wikstrøm. Sjølv har han kontor i Hammerfest, men har òg ansvaret for kontoret i Hasvik.

Hammerfestkontoret kunne òg trengt fornying, men no er det i Hasvik det hastar mest.

Arbeidet med politireforma gjorde at alle prosessar rundt å finne nye lokale stoppa. Men no har Vestfinnmark politidistrikt fått grønt lys frå Politidirektoratet til å finne nye lokale i Hasvik.

Lensmann Wikstrøm seier dei har to alternativ, å pusse opp eller finne noko nytt. Han håpar i det lengste at dei skal finne eit alternativ utanfor brakkeriggen dei no nyttar.

– Eg håpar det er alternativ der ute. Vi veit at det står ledige lokale i Hasvik som vi håpar vi kan få tilgang på, seier Wikstrøm. Han trur dei kan tidlegast vere ute av brakka til hausten.

Terje Wikstrøm

Regionlensmann for Hasvik og Hammerfest, Terje Wikstrøm, håpar at nye lokale kan vere betre tilpassa politiets behov, med sengeplassar for eventuelle ekstramannskap frå Hammerfest.

Foto: Vibeke Lund Pettersen / NRK

Hjelp ikkje på rekrutteringa

Tidlegare hadde Hasvik eigen lensmann, men det var ikkje enkelt å rekruttere til ei slik stilling. No er det to politibetjentar og namsmann og sivilkontakt Barbro Engfelt som utgjer bemanninga på øya.

Gjennomstraumen av personale er stor, fortel Engfelt til bladet Politiforum. På sine 15 år på lensmannskontoret har ho ønska velkommen 26 polititilsette.

Eit brakkelokale som råtnar hjelp ikkje på rekrutteringa.

– Det er jo ikkje noko hyggeleg å vise sånne lokale, seier lensmann Wikstrøm.

Det er som regel Wikstrøm som viser nytilsette deira nye arbeidsplass. Dei to betjentstillingane er oftast besett av nyutdanna, som i utgangspunktet er glade for å ha fått relevant jobb. Sopp- og fuktproblema blir først tatt opp etter ei stund i teneste.

– Til å begynne med seier dei ikkje så mykje. Ein startar gjerne ikkje første dagen med å klage på lokalitetane, seier han.

Laster kart, vennligst vent...

Hasvik lensmannskontor ligg i Hasvik kommune, på Sørøya i Finnmark.