NRK Meny
Normal

Dugnad for små blåfrosne flyktningar

Barn som er nye i Noreg slit i sprengkulda. Ullundertøy og stillongs er framandord. I Alta får dei hjelp til å kle seg.

Elever på Komsa skole

KLEDD FOR KULDA: Med ull underst trivst dei små flyktningane like godt som elevane frå Alta.

Foto: Kristin Forland / NRK

På Komsa skole i Alta er Vera Simonsen er lærar for barn som akkurat har komme til Noreg. Ho såg elevane komme blåfrosne inn etter friminuttane, og starta ei ullinnsamling.

– Dei første dagane var det nokon som gjekk i tynn bomullsgenser med boblevest over og joggesko på føtene. Då frys ein verkeleg.

Ukjende med ull

Utdeling av ullklær

Miljøarbeidar Laila Henriksen gir Arslan ein ullhals.

Foto: Kristin Forland / NRK

Vera Simonsen såg at det var eit behov for ein time i ullkunnskap i introduksjonsklassen ho leiar.

– Me prøvde å vise bilete og forklare at det var viktig å ha ulltøy under. Då seier dei at «me har» - men det er berre ein bomullstrøye. Dei skjøner ikkje forskjellen, og det syner seg at dei ikkje har ullplagg, seier ho.

– Eg trur det er mange grunnar. Dei er ikkje kjent med konseptet, rett og slett. Dei kjem frå varmare strok og det er ikkje så vanleg å bruke så mykje ull. Og dei som er kjent med det slit kanskje med å kjøpe nok til sine ungar. Det er mange som kjem frå store familiar og bur på mottak og ikkje har så mykje å rutte med. Men om alle bidreg litt, klarer me å gje mykje.

På sosiale medium oppmoda Simonsen folk til å bidra med ullklede og pengar, slik at òg barna i velkomstklassen kan vere med ut og leke, sjølv i sprengkulda. Responsen har vore stor, og i dag fekk dei 12 ungane i klassen delt ut kvar sin nye ullstillongs, ulloverdel og sokkar.

– Not cold!

Utdeling av ullklær på Komsa skole

Sinitia, Halah, Farah og Aliya følger med når lærar Vera forklarer kva ulla kjem frå.

Foto: Kristin Forland / NRK

Sju år gamle syriske Farah viser fram ullsokkane ho har fått. Ho, søstera Halah, og venninna Sinitia kom til Norge for ein knapp månad sidan.

– We all from Syria, seier dei.

Dei trivs godt i Alta, trass sprengkulda, og har no forstått litt meir om korleis ein held varmen i minusgradene.

– Dress, not cold.

Etter at elevane har fått kledd seg i sitt nye ullantrekk har jentene planen for resten av dagen klar.

– Friminutt. Gå på ski, seier dei – akkurat det på eit nokså godt norsk.

Halah (9) kom seg ut på ski.

MED ULL INNERST: Syriske Halah (9) kom seg ut på ski i friminuttet.

Foto: Kristin Forland / NRK

Kald nabo?

– Nå er planen å få oversikt over kva vi har fått inn, og så forhåpentleg kjøpe eit sett til til dei, seier Vera Simonsen.

– Mi oppmoding til fok er å følgja med. Kjem det nokon nye i nabohuset, kan dei spørje kva dei treng.

Ulldemonstrasjon

Elisabeth (4) hjelper mamma og lærar Vera Simonsen å demonstrere ullbruk for barna i velkomstklassen på Komsa skole.

Foto: Kristin Forland / NRK