Hopp til innhold

Droppar lakseslakteri i Alta

Oppdrettsselskapa aukar ikkje så mykje som venta og droppar planter om lakseslakteri i Alta. – God nyheit, meiner venstrepolitikar, som er letta på vegner av villaksen.

Grieg Seafoods lakseslakteri

ALTA: På Simanes i Alta har Grieg Seafood allereie eit lakseslakteri. På grunn av venta auke i oppdrettslaks i området, ville Cermaq, NRS og Grieg Seafood gå saman om enda eit lakseslakteri – men auka kom ikkje.

Foto: Robin Mortensen

Oppdrettsselskapa Grieg Seafood, Cermaq og Norway Royal Salmon (NRS) skulle etter planen gå saman om eit felles lakseslakteri, som skulle ligge på Langnes i Altafjorden.

Desse planane er no lagt på is. Grunnen er at mengda oppdrettslaks i området ikkje har auka så mykje som selskapa venta.

Astrid Vik Aam
Foto: Cermaq

– Vi ser at den venta veksten i volum ikkje har slått til, og då har det ikkje vore presserande for nokon av dei tre selskapa å få på plass nytt slakteri, seier Astrid Vik Aam, kommunikasjonsrådgivar hos Cermaq.

– Vi ser at vi kan handtere det volumet vi har med kapasiteten som finst i dag, seier Vik Aam.

– Om volumet aukar så får vi sjå om vi ikkje skal hente fram gamle planar. Per no har vi lagt det på is, inntil vidare, seier Vik Aam.

Venstrepolitikar Trine Noodt har lenge vore skeptisk til slakteriplanane. Ho er uroa for kva eit lakseslakteri plassert 21 kilometer frå Altaelva, vil ha å seie for villaksen. Då formannskapet i Alta vedtok å flytte vernegrensa i fjorden, slik at det nye lakseslakteriet ville hamne utanfor, stemte Noodt i mot.

Trine Noodt - Finnmark Venstre

Trine Noodt, stortingskandidat for Finnmark Venstre er glad for at slakteriplanane no er lagt på is.

Foto: Andrea Lindquist / NRK

– Det er veldig bra at vi ikkje får ein oppdrettsaktør inn der. Med tanke på kor slakteriet skulle ligge så er det bra at dei legg planane på is, seier Trine Noodt, stortingskandidat for Finnmark Venstre, og kommunepolitikar i Alta.

Noodt meiner næringa må ta skulda sjølv for at det venta volumet ikkje har slått til.

– Det kjem av at oppdrettsnæringa ikkje har hatt sikre nok anlegg. Det er for stor risiko for villaks og anna liv i fjorden.

Rømt oppdrettslaks har blitt ein alvorleg trussel mot villaksen. Forsking viser blant anna at genetisk påverknad frå rømt oppdrettslaks gir færre store villaks.

– Hadde ein kome lengre i å sikre anlegga og ikkje hatt denne miljørisikoen, så ville man kanskje ha sett ein større vekst enn det man ser i dag, seier ho.

Langnes 2

Flere nyheter fra Troms og Finnmark