NRK Meny

Dømd for falsk forklaring

Ei 22 år gamal kvinne er dømd i Alta tingrett for å ha anmeld ei valdtekt som ikkje har funne stad, det skriv Altaposten. Kvinna forklarte i avhøyr 6. september 2015 at ho blei valdteken av ein utanlandsk mann natta før, og er no dømd til 30 dagar vilkårsbunde fengsel, med ei prøvetid på to år, for falsk forklaring.