Dom i Høgsterett: Sexdukker av barn er straffbart

Høgsterett forkastar sexdukke-anke. Dermed blir dommen frå Hålogaland lagmannsrett mot mannen som bestilte sexdukker som var framstilt som barn, ståande.

Sexdukke framstilt som eit barn

Dette er sexdukka som mannen er dømt for å ha importert frå Hongkong.

Foto: Tollvesenet

I august behandla Høgsterett saka mot ein finnmarking som blei dømt til 60 dagars fengsel på vilkår og bot for å ha bestilt ei sexdukke i barnestørrelse.

No slår Høgsterett samrøystes fast at slike dukker er omfatta av paragraf 311 i straffelova. Den set forbod mot omgang av framstilling som seksualiserer barn.

Etter Høgsterett sitt syn er det ikkje tvilsamt at dukka i denne saka innebar ein seksualisering av barn.

Hugo Henstein

Statsadvokat Hugo Henstein meiner avgjersla i Høgsterett kan brukast i liknande saker om gjeld framstilling som seksualiserer barn.

Foto: Petter Strøm / NRK

I den ferske dommen slår Høgsterett fast at dukka mannen har bestilt over internett hadde anatomi og proporsjonar som eit barn, og var forma med tanke på seksuelle formål.

– Vi er godt fornøgd med avgjersla. I tillegg synest vi den er ryddig fordi den også kan brukast framover i tid. Den vil kanskje også omfatte nye måtar å framstille overgrep av barn på, seier statsadvokat i Troms og Finnmark, Hugo Henstein.

Forsvarar for finnmarkingen som har fått avvist anken i Høgsterett, John Christian Elden, argumenterte for at dukka ikkje er omfatta av paragraf 311, men vann ikkje fram.

– Dommen klargjer at verken høgde eller kroppsbygning er avgjerande for kva som er straffbart, men oppfatning av om ansiktstrekka på dukkene minner om eit barn eller ikkje. Om det gjer det enklare for dei som produserer eller kjøper slike dukker, er eg usikker på. Sexdukker er framleis ein lovleg vare, men ikkje dei som liknar på barn, skriv Elden til NRK.

Saka får presedens

Fleire slike saker har vore for retten dei siste åra, men straffemålingane har vore ulike. Stavanger tingrett dømde ein mann til tre månader i fengsel for å ha kjøpt sexdukke.

Barnesexdukke fra Fredrikstad-rettsak

Sexdukka som blei brukt i retten i Fredrikstad var framstilt som eit barn.

Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

I Fredrikstad tingrett valde retten å inndra sexdukka og gi mannen ei bot. Nord-Troms tingrett dømde ein mann til fengsel på vilkår i 45 dagar.

– Det har vore ein del spørsmål rundt om sexdukker er omfatta av paragraf 311 i straffelova, av den grunn var denne avgjersla frå Høgsterett viktig for å få det heilt klart, ein gang for alle, seier Henstein.

Statsadvokaten meiner dommen er så tydeleg at den også gjelde nye og andre former der seksualisering av barn skjer.

– Viss det kjem ein robot, eit hologram eller kva det måtte vere, så slepp vi å måtte prøve dette for Høgsterett. Dei har allereie sagt at lova forbyr det, seier Henstein.

Kripos slo alarm

I 2016 slo Kripos alarm etter at Tollvesenet hadde beslaglagt 21 sexdukker.

Sexdukkene som tollarane beslagla var rundt ein meter lange. Nokre av dukkene var innpakka i barneteppe og hadde barneklede på.

sexdukke-beslag

Hausten 2016 fann tollarar minst 21 sexdukker som var framstilt som barn.

Foto: OLA MJAALAND / NRK

Dei tilsette i Tollvesenet som fann dukkene, reagerte sterkt av funna.

– Vi var ikkje førebudd på kva vi skulle pakke opp. Eg blir uvel, sa tolloverinspektør Birgitte Hansson til NRK den gongen.