Hopp til innhold

Den siste seljakta

Fredag kom selfangar Bjørne Kvernmo tilbake frå si siste selfangsttokt. Med det kan selfangst i Noreg vere over. No blir det film av turen som markerer slutten.

Filmer selfangstturen

Filmskaparane Trude Berge Ottersen og Gry Mortensen har levd tett på mannskapet medan dei har dokumentert turen.

Foto: Alf Harald Martinsen, NRK

- Hadde blodet vore grått og ikkje raudt hadde det vore ei anna sak.

Det svarer selfangar Bjørne Kvernmo på spørsmål om kva han tenker om at dei blodige selfangstmetodane blir vist på film.

- Det er jo ikkje meininga at filmen skal gi folk avsky for selfangst, men det skal vere ei realistisk framstilling av jakta.

Bjørne Kvernmo er kaptein på "Havsel", som drog ut på årets selfangst som einaste norske skip. Etter at tilskotet til selnæringa vart fjerna i fjor, er det opp til mannskapet på "Havsel" å aleine hente inn kvoten på 20 000 sel.

Selkjøttsalg

Han har ventet på årets selkjøtt, sier Gunnar Johansen som kjøper selkjøtt av Bjørne Kvernmo på kaien i Alta.

Foto: Alf Harald Martinsen, NRK

Når Kvernmo no seier det blir med denne turen, er det over og ut for norsk selfangst. Då vart det viktig for to filmskaparar å dokumentere den siste reisa.

Kunne ikkje sitte i ro

Gry Mortensen og Trude Berge Ottersen frå KO-KO Film står bak filmen. Mortensen og Berge Ottersen har vore på havseglaren til Kvernmo i fleire veker, og har fått vere med på meir enn berre dokumentering.

- Det var gøy å vere med som fangstfolk, og å vere ein del av mannskapet, seier Berge Ottersen, som mellom anna var med på å flå sel.

- Filmen kjem først, men vi kunne ikkje berre sitte i ro, legg Mortensen til.

Filmskaparane blei imponerte av å sjå Kvernmo i aksjon på isen.

KOKO film dokumenterer den siste selfangsten

Trude Berge Ottersen og Gry Mortensen frå KOKO Film lager filmen om den siste selfangsttokta. Premieredato for filmen er ikkje satt, men dei håpar å få den klar i løpet av neste år.

Foto: Alf Harald Martinsen, NRK

- Du skulle sett når han sprang på isen. Han var minst like rask som dei yngre, seier Mortensen.

Blant dei yngre medlemmane av mannskapet var Mads Tidemandsen og Erlend Johannesen, som hengholdsvis var på sin første og andre selfangsttur. Det var Johannesen som tipsa Tidemandsen om moglegheitene for å bli med på fangsttur. Etter ein telefon til kaptein Kvernmo var ein vag avtale på plass.

- Han gav meg ingen lovord. Berre møt opp i Alta, sa han. Eg fekk aldri noko klarsignal før vi drog, ler Tidemandsen.

Selfangarar på "Havsel"

MANNSKAP: Mads Tidemandsen (t.v.) jobba som jumper på 'Havsel', og hoppa ut på isen og fakka selen. Ein veit aldri, seier Erlend Johannesen (t. h.) om at dette blir siste selfangstturen.

Foto: Alf Harald Martinsen, NRK

Mykje sel, liten fangst

Då havseglaren gjekk frå kai, var Tidemandsen med, og han syns det var ei fin oppleving som gav meirsmak. Det einaste han sakna var meir sel. For årets fangst var ikkje av dei beste.

- Det var om lag halvparten av det vi fekk i fjor, fortel Johannesen. I fjor kom skipet "Havsel" tilbake med om lag 4000 dyr.

Dårleg vêr i fangstperioden får skulda. Det gjorde at mannskapet blei naudt til å sitte stille og vente på at vinden løya. For det var ikkje mangel på dyr det stod på, ifølge Kvernmo.

- At bestanden aukar kan eg sjå med et blotte auget, seier han.

Fangstslutt vil ikkje påverke bestanden

Havforskingsrapporten for 2015 bekrefter at talet på grønlandssel på Vestisen, der Kvernmo jakta, er høgt. Totalbestanda ligg på 627 000 dyr, med ungeproduksjon på om lag 93 000 årleg, noko som er det høgste talet på unger som er observert.

– Slutt på selfangst vil ikkje ha noko påverknad på bestanden av grønlandssel og klappmyss, som er dei selartane som det har vore jakta på.

Kjell Tormod Nilssen, forskar ved Havforskingsinstituttet.

Vi tel antall ungar som vert født, så reknar vi bestanden utifrå det, fortel Kjell Tormod Nilssen, forskar ved Havforskingsinstituttet

Foto: Michael Poltermann

Det seier Kjell Tormod Nilssen ved Havforskingsinstituttet.

Han seier at selfangsten er såpass liten no at det ikkje vil merkast i bestanden om selfangst opphører totalt. Tilgong på mat er det som har størst innverknad.

– Torsken er selen sin største konkurrent i kampen om maten. Ei auke i torskebestanden er meir dramatisk for selen enn jakta er, seier han.

Sjølv om talet på grønlandssel heldt seg godt, har bestanden av klappmyss vore så låg at det har vore fangststopp på den sidan 2007.

Les òg:

Flere nyheter fra Troms og Finnmark