NRK Meny
Normal

Deler video av halvdød rein

Reineigarar filmer rein som har blitt angripne av ørn og legg filmen ut på sosiale medier. Dei håpar videoane vil gjere folk merksame på problemet.

Reineier filmer reinkalver tatt av ørn og deler videoen på sosiale medier for å få oppmerksomhet om rovdyrtap.

– Ørna tar som regel kalvane på ryggen og drep dei med eit kloinnstikk på vitale delar. Her har dei ikkje truffe godt nok, så kalven lever enda, forklarer Ken Gøran Uglebakken.

– Slik er reindriftssamane sin kvardag, seier reineigar John Inge Eira.

Han vil at folk skal få sjå kva han ofte opplever – å finne reinkalvar skada eller drepne av ørn. Eira vil at ørnebestanden skal bli mindre.

Så langt i år er 75 rein tatt av ørn, viser tal frå Statens naturoppsyn (SNO). Men det er ikkje oppsiktsvekkande mykje, seier Ken Gøran Uglebakken frå SNO, som jobbar med skadedokumentasjon av rein tatt av rovdyr.

– I 2013 var talet 134, dobbelt så mykje som i år, seier han.

Uglebakken fortel at talet på rein drept av ørn varierer veldig frå år til år. Det kan vere mange moment som spelar inn på kor mange rein som går med til ørn. Kva kondisjon reinen er i og kor mykje ørn det er i området er med å påvirke.

Uglebakken trur ikkje det er noko ein kan gjere for å unngå at ørna tar reinkalvane.

– Så lenge vi har ørn, og vi har rein, så vil det bli skadar, seier han.

Talet på kongeørn i Noreg er satt av Stortinget til 850-1200 hekkande par.

Det at reindriftssamane filmer det som skjer med dyra, ser Uglebakken på som ei nyttig hjelp i arbeidet med skadedokumentasjon.

Naturoppsyn Ken Gøran Uglebakken

Ken Gøran Uglebakken frå Statens naturoppsyn får inn mykje bilete av rein angripe av ørn, men skulle gjerne hatt fleire videoar.

Foto: SNO

– Det er bra for oss og det er bra for dei. Vi tar gjerne imot filmklipp og kadaver, seier han.

Kongeørna får skulda

Det er kongeørna som står for mesteparten av angrepa på rein, men angrep frå havørn kan òg skje. Men det vil ikkje synast på statistikken.

– For å seie det sånn. Om havørna tar ein rein, så greier ikkje vi å skilje om det er ei havørn eller ei kongeørn, så ei havørn som tar rein blir dokumentert som kongeørn, forklarer Uglebakken ved Statens naturoppsyn.

Både kongeørn og havørn ferdes på Finnmarksvidda, og havørna er mykje i området er kalvast i. SNO har hørt frå reineigarar om angrep frå havørn, men dei har ikkje kunne bekrefta det sjølv.