NRK Meny
Normal

Byggeskandale ved Kirkenes sjukehus – fryktar andre sjukehus må lide

Politikarar og ein tidlegare styremedlem fryktar at den økonomiske sprekken ved Kirkenes sjukehus fører til at det andre sjukehuset i Finnmark må lide.

Trond Haukanes

Tidlegare styremedlem i Finnmarkssykehuset, Trond Haukanes, fryktar overskridingane ved sjukehuset i Kirkenes kan gå utover det planlagde nye sjukehuset i Hammerfest.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Når du får overskridingar ved eitt sjukehus, så kan dei forplante seg vidare. Då kan det bli mindre pengar til eit nytt sjukehus i Hammerfest. Det er ein fare for at dei blir sitjande igjen med svarteper, seier Trond Haukanes, tidlegare styremedlem i Finnmarkssykehuset.

Arne Myrseth, Frp-politikar i Hammerfest og på fylkestinget, deler bekymringa til Haukanes.

Susanne Kristiansen og Arne Myrseth

Arne Myrseth (Frp) er bekymra for konsekvensane den potensielle byggeskandalen i Kirkenes kan gi.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Ein har jo fått delt ut eit budsjett. Om ein då brukar mykje meir pengar enn budsjettert, så kan ein ikkje berre lage friske pengar undervegs. Så ja, eg også er bekymra for konsekvensane, seier Myrseth.

Han legg til at det vil vere veldig trist om den sannsynlege storsprekken ved sjukehuset i Kirkenes går utover det andre sjukehuset i Finnmark.

Når du får overskridingar ved eitt sjukehus, så kan dei forplante seg vidare.

Trond Haukanes, tidlegare styremedlem ved Finnmarkssykehuset
Nye Kirkenes sykehus

Nye Kirkenes sjukehus kan gå på ein kjempesprekk økonomisk.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Retter fleire feil

Det er ein potensiell byggeskandale ved det andre sjukehuset i Finnmark – i Kirkenes – som gjer at Finnmarkssykehuset kan gå ei svært vanskeleg økonomisk tid i møte.

Ved eit slumpetreff tidlegare i vinter oppdaga handverkarar at det ikkje var lagt godkjent membran på sjukehusets nesten 70 bad.

Kirkenes sjukehus skulle bli Norges mest avanserte sjukehusbygg, og det første som vart bygd med passivhus-standard. Snart eitt år etter planlagt opning står problema i kø.

Den tyske hovudutbyggaren Cadolto har reist frå Kirkenes, og nektar å kome tilbake for å sluttføre arbeidet før Finnmarkssykehuset legg meir pengar på bordet.

Sprekker Kirkenes sykehus

Sprekkar i golva er berre ein av fleire feil ved nye Kirkenes sjukehus.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Deler ikkje bekymringa

Varaordførar i Hammerfest, Marianne Sivertsen Næss (Ap), deler derimot ikkje bekymringane til Arne Myrseth og Trond Haukanes.

Marianne Sivertsen Næss

Varaordførar i Hammerfest, Marianne Sivertsen Næss (Ap), er trygg på at Hammerfest sjukehus blir bygd etter planen.

Foto: Eskil Mehren / NRK

– Eg held meg til informasjonen eg får frå Finnmarkssykehuset, og er trygg på at Hammerfest sjukehus blir bygd etter planen. Det blir jobba godt med prosjektet om det nye sjukehuset i Hammerfest, seier Næss.

Styreleiar ved Finnmarkssykehuset, Harald Larsen, er heller ikkje særleg bekymra for utbygginga av Hammerfest sjukehus.

– Dette er ei hypotetisk problemstilling. Sjukehusa i Hammerfest og Kirkenes er to forskjellige prosjekt, seier Larsen.

Byggestart i 2020

Larsen bekreftar derimot at pengane til dei to sjukehusa i utgangspunktet kjem frå same pengepott.

– Men no kjenner vi verken sluttsummen på Hammerfest sjukehus eller Kirkenes sjukehus, så dette blir hypotetiske spørsmål, seier Larsen.

Planlagt byggestart for sjukehuset i Hammerfest er i 2020. Ifølgje Larsen går dette prosjektet som planlagt.

Styreleder for Finnmarkssykehuset Harald Larssen og administerende direktør Eva Håheim Pedersen

Styreleiar Harald Larssen og direktør Eva Håheim Pedersen i Finnmarkssykehuset.

Foto: Carl-Gøran Larsson / NRK

Dette er ei hypotetisk problemstilling.

Harald Larsen, styreleiar ved Finnmarkssykehuset