Bekymra legar ved Hammerfest sjukehus: – Me fryktar at legemangel blir langvarig

Meir enn halvparten av legane i medisinsk spesialisering på Hammerfest sjukehus er borte. No slår legane alarm etter over eit år utan forbetring.

Ingjerd Røeggen

BEKYMRA LEGAR: – Me fryktar at denne situasjonen blir langvarig, seier lege i spesialisering og klinikktillitsvald for yngre legar ved Hammerfest sjukehus, Ingjerd Røeggen.

Foto: Allan Klo / NRK

– Me fryktar at legemangel blir langvarig, seier lege i spesialisering og klinikktillitsvald for yngre legar ved Hammerfest sjukehus, Ingjerd Røeggen.

Assistentlegane ved medisinsk avdeling på Hammerfest sjukehus har send ei bekymringsmelding til fylkesmannen ved fylkeslegen. Dei meiner bemanningssituasjonen i dag er alvorleg.

Det er snakk om stor arbeidsbelastning og meir ansvar. Talet på legar er blitt redusert i vaktplanane, der dei har gått frå tolv legar til fem legar i spesialisering.

Mangel på tilsette

Røeggen fortel at sjukehuset har vore klar over situasjonen i minst eit år, utan at dei har klart å snu situasjonen. Ho seier det er fleire vakante stillingar ved avdelinga.

– Det er få faste overlegar, og det er fleire ikkje-tilsette stillingar for legar i spesialisering. Me har allereie sett konsekvensane ved at me har måtta gjera om på vaktplanane slik at det har blitt meir arbeidsbelastning for dei enkelte legane.

Leiinga har også måtta gjort grep og turnuslegar har fått større ansvar, fortel Røeggen som håpar på forbetring.

– Me håpar at situasjonen vil snu, og at fleire dyktige kollegaer vil søka seg til Finnmark, seier Røeggen.

klinikksjef, klinikk Hammerfest, Jonas Valle Paulsen

IKKJE REDUSERT DRIFT: – Drifta i seg sjølv er ikkje redusert. Likevel kan det vera at enkelte pasientar må venta på å koma på poliklinikk, men alle får time innan fristen, seier klinikksjef Jonas Valle Paulsen.

Foto: Allan Klo / NRK

Vikarstafett

Klinikksjef for klinikk Hammerfest, Jonas Valle Paulsen seier at det i dag er fire overlegestillingar som ikkje er fylte. Dei løyser dette ved å ha ein vikarstafett, der vikarar blir leigd inn for å fylla desse stillingane.

Paulsen seier at underbemanning ikkje går utover sjølve drifta.

– Drifta i seg sjølv er ikkje redusert. Likevel kan det vera at enkelte pasientar må venta på å koma på poliklinikk, men alle får time innan fristen, seier han.

– I kva grad går underbemanning utover pasientane?

– Pasientane si sikkerheit blir alltid teke hand om til ei kvar tid. Me har veldig fokus på det, så pasientane er trygge, seier Paulsen.

Bjørn Øygard

HABILITETSSPØRSMÅL: – Status på saka frå vår side er at me har sendt ho over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fordi me ynskjer at departementet skal vurdera habiliteten vår, seier assisterande fylkeslege, Bjørn Øygard.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Spørsmål om habilitet

Bekymringsmeldinga blei send inn til fylkesmannen og skal no bli vurdert vidare.

Det som fylkesmannen si helseavdeling skal ta stilling til i slike saker er om krav i helselova blir teke hand om av sjukehuset og helsepersonell. Det er samfunnsoppdraget deira.

– Status på saka frå vår side er at me har sendt ho over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, fordi me ynskjer at departementet skal vurdera habiliteten vår, seier assisterande fylkeslege, Bjørn Øygard.

Bakgrunnen for dette er at avdelingssjefen for kort tid sidan hadde ei leiarstilling på Hammerfest sjukehus.

Øygard ynskjer difor ikkje kommentera meir om saka til NRK før det er bestemt kven som får ansvar for ho.

– Me vil ikkje kunna gå inn å vurdera korleis bemanningssituasjonen er i dag. Det må nokon andre gjera, seier han.

Dersom Kommunal- og moderniseringsdepartementet vurderer at fylkesmannen ikkje får ta saka, så blir det ofte ein nærliggjande fylkesmann som tek hand om saka.

Hammerfest sjukehus

LEGEMANGEL: I dag er det fleire vakante stillingar ved medisinsk avdeling på Hammerfest sjukehus. Sjukehuset har vore klar over situasjonen i minst eit år, utan at dei har klart å snu situasjonen.

Foto: Allan Klo / NRK

Må driva rekruttering

Ifylgje klinikksjefen har sjukehuset ei eiga rekrutteringsavdeling som jobbar aktivt ute. Slik prøver dei å finna dei kandidatane som er eigna.

– Me snur på kvar ein stein. No har me dyktige folk som rekrutterer og me står på til ei kvar tid for å rekruttera på best mogleg måte, slik at me får gode folk inn i dei stillingane me har ledige, seier Paulsen.

Sjølv meiner han at det er mogleg å gjera noko med denne situasjonen.

– Me står på, på best mogleg måte, slik at me får løyst dette til det betre, seier klinikksjefen.