Begge hundane har kome til rette

– Dette er som ein ny bursdag for meg, seier Kjell-Harald Myrseth.

Endelig kunne Kjell-Harald Myrseth omfavne Nuka og Balto. Han er helt ubeskrivelig takknemlig for hjelpen han har fått til å finne dem.

Ein letta Kjell-Harald Myrseth vart svært letta og glad då han fann igjen hundane sine i dag. Her er Myrseth saman med Nuka, som han sjølv er eigar av. Den andre hunden, Balto, hadde han lånt for å ta med seg på turen.

I dag har begge hundane som forsvann frå Kjell-Harald Myrseth og leitemannskapet tysdag kome til rette.

– Eg er kjempeglad og letta no. Eg var aldri i tvil om at hundane skulle klare seg. Men det er heller aldri noko hyggjeleg at hundane går rundt åleine på fjellet. Dei følte seg neppe vel til mote der dei sprang rundt utan å vite kvar dei skulle, seier Myrseth til NRK.

Balto og Kjell-Harald Myrseth

Kjell-Harald Myrseth saman med Balto. Ein del is hadde frose fast til pelsen, men Balto har framleis mykje underpels.

Foto: Eskil Wie Furunes

Forsvann under redningsaksjon

Det var søndag føremiddag – på sin eigen 26-årsdag – skigåaren Kjell-Harald Myrseth fekk trøbbel med den sterke vinden, i fjellområdet mellom Alta og Kautokeino.

Måndag morgon følte Myrseth seg så utrygg at han måtte løyse ut nødpeilarsendaren sin.

Redningsaksjonen vart kraftig forseinka fordi leitemannskapet sleit med å kome seg fram til punktet der sendaren vart løyst ut. Vinden var sterk og sikta svært dårleg. Men tidleg måndag vart Myrseth endeleg berga.

Det same vart i utgangspunktet hundane han hadde med seg, Nuka og Balto. Men på ferda mot helsesenteret i Alta forsvann begge hundane.

Engasjement for å finne hundane har vore svært stort. Mange har engasjert seg i leitinga. Torsdag føremiddag gav leiteaksjonen endeleg resultat.

Kjell-Harald Myrseth

Skiløparen Kjell-Harald Myrseth var svært sliten, men i relativt god form, då NRK møtte han på helsesenteret i Alta tysdag ettermiddag.

Foto: Eskil Wie Furunes

– Som ein filmscene

Først, rundt klokka 12.00 torsdag, vart den fire år gamle grønlandshunden Balto funnen. Eit par timar seinare vart den seks år gamle grønlandstispa Nuka funne.

– Begge hundane vart funne i det same området dei forsvann frå. Det har gjort det lettare å finne dei igjen, forklarer Kjell-Harald Myrseth.

Då NRK snakka med han klokka 15.50 hadde han nettopp fått møte hundane for første gongen sidan redningsaksjonen tysdag.

– Det var nesten som ein filmscene. Nuka kom springande ved sida av skuteren mot meg. 50 meter frå meg sleppte føraren bandet hennar. Då sprang Nuka rett opp i hendene mine og begynte å sleike meg, fortel Myrseth.

Utstyret til Kjell-Harald Myrseth

Kjell-Harald Myrseth fann igjen mesteparten av utstyret sitt då han tok seg tilbake til området der bergingaksjonen skjedde. Dessverre er kameraet til Myrseth framleis ikkje funne. Myrseth hadde ein plan om å lage ein film frå turen.

Foto: Eskil Wie Furunes

Litt tynnare

Ingen av hundane har tatt skade av å vere over to døgn på frifot.

– Dei har blitt litt tynnare. Men det skulle berre mangle. Hundane er letta og veldig rolege, forklarer hundeeigaren.

Nuka er hans eigen hund, medan Balto var lånt for å bli med på turen frå Narvik til Alta. Balto har også vore med Kjell-Harald Myrseth på fleire turar tidlegare, så dei kjenner kvarandre godt.

Hua til Kjell-Harald Myrseth

Hua til Kjell-Harald Myrsteth som vart skjert av under redningaksjonen tysdag morgon.

Foto: Eskil Wie Furunes