NRK Meny
Normal

Bedrifter i nord mistar fordel med EU-endring

Kirkenes-bedrift vann to rundar i retten mot ESA. No er EU-reglane dei kjempa mot attinnførte – og selskapet vurderer nye rettsrundar.

Kirkenes

KIRKENES: Kimek Offshore har sigra to gonger i EFTA-domstolen. Dei fekk fjerna regelen som gjer at selskap sørpå kan sleppe arbeidsgivaravgift om dei leiger ut sine tilsette i Nord-Norge. No er regelen innført igjen.

Foto: Amund Trellevik/NRK

Norge kan no attinnføre ordninga der selskap lenger sør i landet slepp unna arbeidsgjevaravgift om tilsette har meir enn 50 prosent av arbeidstida si i Finnmark eller Nord-Troms – ein regel som blei oppheva ved dom i 2015.

Norge er delt inn i ulike soner for arbeidsgivaravgift. Satsen er per i dag null i Finnmark og Nord-Troms. Full avgift er 14,1 prosent.

I mai konkluderte ESA med at unntaksregelen er i tråd med EØS-reglene og den blei derfor godkjent igjen.

High North News omtala saka først.

Attinnføringa overser EFTA-domstolen si avgjerd i 2015, då Kirkenes-bedrifta Kimek Offshore gjekk til sak mot ESA. Der fekk Kimek medhald i at reglane ikkje var korrekt innført og derfor måtte opphevast.

Har vunne slag, men ikkje krigen

Greger Mannsverk direktør i Kimek

Greger Mannsverk, direktør i Kimek Offshore.

Foto: Tarjei Abelsen / NRK

– Vi vann to slag, men ikkje krigen, så langt, seier Greger Mannsverk, administrerande direktør i Kimek Offshore.

Mannsverk ser korleis selskap utanfor tiltaksområdet gjer det vanskeleg for lokale firma å delta på store prosjekt i nordområda.

– Når dei sørnorske selskapa pendlar inn folk, så jobbar dei 14 dagar av og 14 dagar på, med 12-timarsvakter. Det gjer at våre folk, som har åttetimarsvakter, ikkje kan delta på store prosjekt her oppe i nord, seier Mannsverk.

– Det er ikkje slik man bygger samfunn i Distrikts-Noreg, det er ein måte å reise bygg på, seier Mannsverk.

EU-minister i kontakt med ESA

Kimek Offshore vil forsøke å få saka opp i EFTA-domstolen nok ein gang,

– Vi må vurdere korleis vi kan nå opp. Det er eit trongt nålauge å få ei sak opp, seier Mannsverk.

Han vil òg sjå om det er andre måtar dei kan overvinne reglane på.

Frank Bakke-Jensen på sitt første Brusselbesøk som EU-og EØS-minister

Minister for samordning av EØS-saker og forholdet til EU, Frank Bakke-Jensen.

Foto: Lorenze Vicencio / NRK

EU-minister Frank Bakke-Jensen seier at dei har tatt kontakt med ESA for å få klårleik i korleis reglane skal tolkast.

– Vi er i kontakt med ESA og vi har bedt om ein utgreiing om kva ESA sitt syn på dei nye reglane er, seier Bakke-Jensen.

Han seier at Kimek vil måtte vente til statsbudsjettet blir lagt fram i oktober, før konkurransesituasjonen for Kimek og andre selskap i nord er avklart.

– Når vi har fått ei avklaring frå ESA vil vi jobbe med den i budsjettet, seier han.