NRK Meny
Normal

Barneskulen bryt lova – vald og mobbing på skulebussen

Skulebussbråk sette Vadsø barneskule under lupa. No har Fylkesmannen i Finnmark avdekka fem lovbrot i arbeid med det psykososiale miljøet ved skulen.

Vadsø barneskole

VADSØ BARNESKULE: Hausten 2015 blei tre barneskular slått saman til éin stor. Sidan då har skulen slite med dårleg skulemiljø.

Foto: Trine Vidunsdatter / NRK

Vadsø barneskule følger ikkje opplæringslova i arbeidet med det psykososiale miljøet til elevane. Det kjem fram i ein tilsynsrapport frå Fylkesmannen i Finnmark.

Fylkesmannen oppretta tilsyn i vinter etter ei rekke saker i media om dårleg miljø på skulebussen, der elevane opplevde vald og trugslar nesten dagleg.

Hovudfunna i tilsynet er at varslingsrutinane på Vadsø barneskule ikkje er tilfredsstillande, og at det går for lang tid før saker blir handtert av skuleleiinga.

Dette kan føre til at elever som ikke har et godt psykososialt miljø ikke blir ivaretatt rettslig, slik loven fordrer. I tilsynet kommer det frem at foreldrene, ikke involveres i den grad de ønsker, i arbeidet rundt elevenes psykososiale miljø.

Tilsynsrapport om Vadsø barneskule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale skulemiljø

– Skulane må ha gode nok system til å fange opp uønskte situasjonar, og at ein kan sette i gang tiltak på eit tidleg tidspunkt, seier Marianne Fjellheim, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Finnmark, oppvekst- og utdanningsavdelinga.

– Varslingsrutinane på Vadsø barneskule ikkje er gode nok, slår ho fast.

Fjellheim vil ikkje seie noko om alvorlegheitsgrada i brota som er avdekka.

– Vi seier det at eit lovbrot er eit lovbrot, og burde vore lukka i går.

Fem lovbrot

I rapporten får kommunen og skuleleiinga pålegg om å:

  • Sette konkrete mål om i arbeidet med eit godt psykososialt skulemiljø.
  • Sikre at dei tilsette er kjent med si plikt til å gripe inn, varsle, og korleis dei skal varsle.
  • Sikre medverknad for foreldre og elevar, og at skuleleiinga tar tak i førespurnader frå foreldre og elevar snarast mogleg.
  • orientere aktuelle råd og utval løpande om hendingar, planar og enkeltvedtak.
  • evaluere det samla arbeidet med medverknad, informasjon og forvaltning knytt til det psykososiale miljøet.

Vadsø barneskule har fått frist til 8. september til å rette opp i lovbrota.

Rektor Beate Aronsen ved Vadsø Barneskule har foreløpig ikkje vært tilgjengelig for kommentar.

Les heile rapporten her.

Skolebussen i Vadsø

Slåstkampar, biting, kasting av mat på kvarandre, mobbing og drapstruslar frå medelevar var blant det skulebarna på bussen i Vadsø opplevde.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Bråk på skulebussen

I mars i år slo foreldre ved skulen alarm om forholda på bussen, med slåstkampar og mobbing. Fylkesmannen sitt tilsyn vart gjort med bakgrunn i ei risikovurdering, kor blant anna bråk på skulebussen inngår.

Barneombod Anne Lindboe oppmoda i mars fylkesmannen til å undersøke skulemiljøet ved barneskulen i Vadsø.

– Eg er uroa for korleis skulemiljøet generelt er, når det er så alvorleg at ein må ha politi på bussen. Her kan det vere ein idé at fylkesmannen set i verk tilsyn, sa barneombod Anne Lindboe til NRK i mars.

FAU-leiar Rita Wahl Nilsen ved Vadsø barneskole fortalde i mars at tilsynet frå fylkesmannen ikkje blei oppretta berre på grunn av skulebuss-sakene.

– Vi snakkar her òg om skule-heim-samarbeidet. Situasjonen har roa seg betrakteleg sidan i vinter og vi ser ikkje dette problemet i det omfanget vi hadde tidlegare, men vi har framleis utfordringar med enkelthendingar, sa Nilsen då.