NRK Meny
Normal

Arne Hjeltnes tek over fiskebedrift i Mehamn

– Me trur at denne satsinga vil få ringverknader for heile regionen, seier ein strålande glad ordførar.

Arne Hjeltnes

Arne Hjeltnes gler seg til å starte merkevarebygging i Finnmark. – Me ønsker å laga ein topp moderne fabrikk som skal levera ennå meir fisk til verda.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

– Dette vil bety etterlengta arbeidsplassar i eit fiskeriavhengig samfunn, og me er veldig glad for at det ser ut til at planane blir realisert, seier Ordførar i Gamvik, Trond Einar Olaussen.

Han er svært begeistra for planane til Hjeltnes, som vil satse stort på fiskefilet gjennom det nystarta selskap Finnmark Fisk AS.

Produksjonen skal leggjast til det gamle anlegget til Hermann Pettersen, som tidlegare husa Norway Seafoods.

Det var iFinnmark som omtalte saken først.

Det var i februar 2014 at det ble kjent at det Røkke-eide selskapet Norway Seafoods ville legge ned foredlingsanlegget i Mehamn og halvere virksomheten i Hammerfest, som vakte store protester flere steder langs kysten.

– Hermann Pettersen fekk aldri utnytta kapasiteten til anlegget. Det som er bra nå er at nokon ser potensialet i lokala og legg opp til god heilårsdrift. Dette vil bety mykje for vårt samfunn, seier ordførar, og understrekar at kommunen vil gjera det dei kan for å leggja til rette for nyetableringa.

Demonstrasjon i Mehamn

I februar 2014 slo Næringsdepartementet fast at det Kjell Inge Røkke-åtte selskapet Havfisk ikkje har plikt til å drive anlegget i Mehamn i Finnmark vidare. Fleire hundre innbyggjarar demonstrerte same vinter mot Røkke.

Foto: Solveig Kåberg

– Ønsker å laga ein topp moderne fabrikk

– Me har sidan i fjor vår jobba med å få til ein filetfabrikk i Mehamn, og me ønsker å laga ein topp moderne fabrikk som skal levera ennå meir fisk til verda. Fisk som verda har lyst på og som skal vera ei merkevare frå Finnmark, forklarer ein entusiastisk Arne Hjeltnes.

Han meiner det er ei svært spanande tid for satsing på fisk.

– Fisk er jo framtida, og me var heldige. Det vart ledig eit prosjekt då nokon trekte seg ut i Mehamn. Så me kasta oss rundt ein god gjeng. Nå er me i gang med å gå på friarferd for å finna ut kven som skal vera med oss og investera i dette, seier han.

Han understrekar at dei ikkje er heilt i mål med planar og detaljar ennå, men at det går framover kvar dag, og at dei er optimistar med tanke på etableringa.

Trond Einar Olaussen

Ordførar Trond Einar Olaussen i Gamvik kommune er svært glad for nysatsinga.

Foto: Tarjei Abelsen/NRK

Trur på ringverknader for heile Finnmark

– Me må ha med oss andre som også synst det er spanande å investera i fisk, og er i utgangspunktet ganske opne, men me vil i første omgang gjerne ha med oss folk frå fiskerinæringa i Nord-Norge, Mehamn og Gamvik kommune, og skal i det heile tatt prøva å gjera dette til ei mest mogleg Nordnorsk verksemd, seier Hjeltnes.

Ordføraren håper og trur at satsinga vil påverke lokalsamfunnet i stor grad.

– Me trur at denne satsinga vil få ringverknader for heile regionen vår, seier han.

Uansett kva kart du ser på så er det ingen andre stader i Norge eller Europa som er betre geografisk plassert i forhold til ressursane i Barentshavet. Så me trur potensialet vårt er veldig stort, og me er veldig glad for at også næringa ser det.