Striden mellom Troms og Finnmark spissar seg til. Forhandlingsdelegasjonane til dei to fylka slit med å bli einige om vegen vidare mot ei samanslåing, og i spissen for delegasjonane står Arbeidarpartipolitikarar.
Helgas fylkesårsmøte i Finnmark Ap tyder på at stemninga mellom partane blir verre og verre.
– Arrogante og usolidariske
Ragnhild Vassvik meiner at Troms sin forhandlingsdelegasjon, som er leia av Troms Ap ved Willy Ørnebakk, er arrogant.
– I våre møte med Troms Ap sin delegasjon møtte vi svært usolidariske haldningar. Når vi kom med forslag, vart vi møtt med arrogante avvisingar. Troms Ap har vore arrogante, dei har i liten grad har tatt innover seg våre ønskjer og krav, spesielt med omsyn til at dei ikkje anerkjente oss som ein likeverdig part, seier Vassvik til NRK.
– Er det heile forhandlingsutvalet eller Willy Ørnebakk du rettar kritikk mot?
– Eg siktar til heile forhandlingsutvalet i Troms, og Willy Ørnebakk er leiar for det.
Saknar partiet sentralt
Vassvik meiner at både Troms Ap og partiet sentralt burde ha tatt meir ansvar i samanslåingsprosessen. Den har førebels enda med Gardermoen-avtalen, som er svært upopulær i Finnmark.
– Kva burde partiet sentralt ha gjort?
– Dei burde ha innkalla oss på teppet for å avklare situasjonen. Det burde både ha blitt gjort før stortingsvedtaket og i ettertid, når vi ser kor vanskelege forhandlingane har blitt, meiner Ragnhild Vassvik.
Finnmark veit best sjølve
Partisekretær Kjersti Stenseng er på plass under årsmøtet til Finnmark Ap i Kirkenes. Ho seier til NRK at ho ikkje vil ta på seg ei meklarrolle mellom Troms Ap og Finnmark Ap, men vil gjerne bidra på ein eller annan måte om Ragnhild Vassvik tek kontakt.
Stenseng antydar uansett sterkt at Finnmark bør seie ja til Gardermoen-avtalen, i staden for at saka blir sendt tilbake til kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.
– Det er Finnmark Ap som veit best kva som er best for Finnmark. Eg stolar meir på denne forsamlinga enn Høgre og Frp i regjeringa. Men eg har ikkje tenkt å kome med ei anbefaling her, seier Stenseng.
– Ryddig
Ørnebakk skriv i ei melding til NRK at han ikkje har følgt debatten i dag, men at forhandlingsutvala frå både Finnmark og Troms har opptredd «stort sett ryddig heile vegen».
– Eg har ikkje tenkt å kome med karakteristikkar av verken Ragnhild Vassvik eller andre frå forhandlingsutvalet til Finnmark. Vi har begge skreve under på avtalen. Haldninga mi er å stå for avtalen og snakke kvarandre opp – ikkje ned, skriv Ørnebakk.
Splitta fylkeslag
Ei anna heit sak på årsmøtet er kor vidt Finnmark Ap skal slå seg saman med Troms Ap. Mykje tyder på at årsmøtet seier nei. Stenseng meiner derimot at fylkeslaga på eitt eller anna tidspunkt uansett må slå seg saman:
– Ein får ta tida til hjelp. Ei overgangsordning må kanskje til.