Hopp til innhold

Anne-Lise ofra IT-jobb for fiskedraumen

Eit hissig havgap freista meir enn varmt kontor og stabil inntekt. 51-åringen gav opp tryggleik og komfort, men kan fiska seg til millionløn. Fleire kvinner bør tore å satse, meiner ho.

Anne-Lise Eksrem

Anne-Lise har hatt forskjellige jobbar å land heile sitt arbeidsliv, dei siste seks åra som datakonsulent på sjukehuset i Hammerfest. Nå blir det snart fulltidsjobb på sjøen.

Foto: Privat

– Eg stod og såg på då båten min vart sett på sjøen. Eg skalv, og var som ein liten unge på julaftan!

I løpet av sommaren tek Anne-Lise Ekrem frå Mehamn i Finnmark til på eit nytt arbeidsliv og ein ny kvardag som yrkesfiskar.

Dersom ho tek heile kvota si og kvalifiserer til krabbefiske neste år, kan den nyoppussa sjarken bli ein lukrativ arbeidsplass. Ekrem kan kome til å tene over 700 000 på torskefiske, og opp mot 400 000 på krabbefiske.

Svært mannsdominert

51-åringen har drøymt om eit arbeidsliv i havgapet sidan ho var lita jente og fekk vera med faren og bestefaren på fiske. Men det skulle gå eit halvt liv før ho sjøsette sin eigen draum i form av den nyoppussa sjarken.

Anne-Lise Ekrem med krabbe

For å få lov å fiske krabbe til neste år må ho kvalifisere seg gjennom torskefiske dette året, men det trur og håper ho skal gå fint. I så fall kan ho plusse på opp til 400 000 kroner ekstra i inntekt.

Foto: Privat

– Omsorg for barn, økonomisk risiko og generelle haldningar til kvinner i bransjen er grunnar til at det kan vera vanskeleg for kvinner å tore å satse på yrkesfiske, meiner Ekrem, som likevel synst at fleire kvinner burde tore å satse på bransjen.

Talet på yrkesfiskarar auka med 1,9 prosent frå 2015 til 2016, viser ein oversikt frå Fiskeridirektoratets statistikkavdeling.

Likevel er det svært få kvinner som er fiskar av yrke. Talet på kvinnelege yrkesfiskarar auka med fem prosent i fjor, men det er berre 13 på landsbasis – av totalt 174 nye fiskarar. 12 av de 13 kvinnelege fiskarane er i Finnmark.

Kvinner har gått glipp av inntekt

– Kvinnenes jobb i fiskeria har vore på land som tilretteleggjarar, og som bistand for sine menn, men utan å vere registrert i fisket, og utan å få inntektene direkte derfrå, seier kjønnsforskar Siri Gerrard ved UiT Noregs arktiske universitet, som har forska på kjønn og fiskeri.

– Fisket og fiskeria er tradisjonelt knytt til mannsrolla. Til mannen og båten. Den kvinnelege rolla har det vore snakket altfor lite om.

Professor Siri Gerrard på sitt kontor i Alta

– Den kvinnelege rolla innan fiskeri har det vore snakket altfor lite om, meiner professor og kjønnsforskar Siri Gerrard ved UiT Noregs arktiske universitet

Foto: Marte Lindi

Gerrard meiner kvinnenes roller i fiskeria ikkje har blitt verdsett, og ønsker meir fokus på kvinnene som fiskarar, båteigarar og samarbeidspartnarar.

Den ferske fiskerinna Ekrem er einig, og sløyer samstundes myta om at yrket er for krevjande for kvinner.

– Eg håper at fleire vil prøve å satse på fiske. Sjølv om det er tungt fysisk, så finst det utstyr som kan kompensera for dette. Eg har sjølv investert i hjelpemiddel for å sleppe å slite meg ut. Nå gler eg meg berre heilt vanvitig til første turen, og dra første fisken over rekka. Og ikkje minst til å levere første fangst!

Flere nyheter fra Troms og Finnmark