Hopp til innhold

Alta IF: – Vi ser alvorleg på slike episodar

Ein spelar skal ha blitt kalla «neger» av ein motspelar.

Fotballspelar og fotball
Foto: NRK

Det var iFinnmark som først omtala saka.

I ein G-16-kamp mellom Tverrelvdalen og Laksvatn skal ein av spelarane på Laksvatn ha blitt omtala med eit rasistisk uttrykk av ein spelar frå Tverrelvdalen. iFinnmark skriv at spelaren gjekk av banen tydeleg prega.

Dommarane har ikkje overhøyrt eller sett episoden, og Tverrelvdal-spelaren nektar for å ha brukt eit slikt ord mot motspelaren.

Leiinga i Altaturneringa har no sendt ut pressemeldng, og seier at dei ser svært alvorleg på slike hendingar og at dei no vil kalle lagleiarane inn til ein samtale kor dei vil gjennomgå episoden.

Bente Haug

Styreleiar i Alta IF Fotball, Bente Haug, seier at dei ser svært alvorleg på episodar som omhandlar rasistiske utspel.

Foto: Trond Magne Henriksen / Finnmark Fylkeskommune

– Vi vil forfølgje saka om det er grunnlag for dette, seier styreleiar i Alta IF Fotball, Bente Haug, og Anders Abrahamsen, leiar for sportsleg utval, i pressemeldinga.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark