Hopp til innhold

– Vi skal ikkje ta inngangspengar

Nordkapp-turisme har blitt ei økonomisk påkjenning for kyrkja i Honningsvåg, som ber turistnæringa om hjelp. NHO meiner kyrkja heller bør vurdere inngangspengar.

Jürgen Noack

VIL HA OPEN KYRKJE: – Det er ei kyrkje, og den skal vere open for alle, seier kyrkjeverje Jürgen Noack, som ikkje vil ha inngangspengar til Honningsvåg kyrkje.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Kyrkja er med sine 30-40 000 vitjande kvart år, den nest største turistattraksjonen i Nordkapp kommune, etter sjølve Nordkapplatået.

Utgifter til reingjering og straum har blitt for mykje for meinigheita i Honningsvåg kyrkje.

– Eg har tatt eit overslag, og vi bruker om lag 40 000 kroner på eit år på dei ekstra vitjande, seier Jürgen Noack som er kyrkjeverje i Nordkapp.

Meinigheita slit med å dekke ekstrautgiftene, og har bedt turistnæringa om hjelp til å dekke ekstrakostnadane, men så langt utan hell.

– Bør heller vurdere inngangspengar

– Eg trur ein skal søke løysingar som ein finn i andre delar av landet, der ein tar betalt inngangspengar, dersom det er grunnlag for det.

Det seier NHO-direktør i Troms, Christian Chramer, som ikkje trur kyrkja kan rekne med hjelp frå turistnæringa, som han meiner har nok med eiga drift.

Christian Chramer

NHO-direktør i Troms, Christian Chramer, meiner kyrkja i Honningsvåg må vurdere inngangspengar.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Sjølv om reiselivsbransjen er ei næring i vekst, er det ei næring med små marginar, seier Chramer.

Han meiner kyrkja sjølv må finne ein modell som kan finansiere utgiftene dei har som følge av turistane, og seier at inngangspengar bør bli vurdert.

– Det er nok meir riktig å gå den vegen, framfor å vente at eit kollektiv eller enkeltbedrift skal ta ein større del av rekninga for noko staten allereie har betalt for å drifte, nemleg den norske kyrkja, seier han.

Ønsker ei kyrkje open for alle

– Vi tar ikkje inngangsbillett, og det skal vi heller ikkje gjere, svarer kyrkjeverjen på forslaget.

Kyrkja er alltid open, med gratis inngang.

– Det er ei kyrkje, og den skal vere open for alle, seier Noack.

Honningsvåg kirke

Honningsvåg kyrkje i Nordkapp kommune er foreløpig gratis for alle og alltid open.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark