NRK Meny
Normal

– Styret må leggje denne saka bak seg og la dei nye fortsetje

Fylkesrepresentant for Venstre i Finnmark, Trine Noodt, rettar sterk kritikk mot Barentssekretariatet for at dei vil nekte The Independent Barents Observer å bruke namnet.

Trine Noodt

Fylkesrepresentant for Finnmark Venstre, Trine Noodt, meiner styret i Barentssekretariatet no må leggje saka bak seg.

Foto: Robin Mortensen/NRK

– Styret må leggje denne saka bak seg, og la den nye nettstaden få fortsetje det gode arbeidet dei har gjort i mange år, meiner Noodt, og legg til:

– Det er dei rette folka, og det er berre rett og rimeleg at dei skal få drive under redaktørplakaten, seier Noodt.

Som NRK nyleg har omtala, har styret i Barentssekretariet avgjort at nettstaden Barents Observer skal leggjast ned i si noverande form. Barentssekretariet vil også at den nye nettstaden The Independent Barents Observer skal endre namn.

Den nye nettstaden blei starta opp denne veka av den tidlegare redaktøren i Barents Observer, Thomas Nilsen, noko som ikkje falt i god jord hos eigarane av Barents Observer.

Viktig å vere uavhengig

Nilsen sa fredag til NRK at han meiner styret i Barentssekretariatet ikkje har noko rett på namnet, og at dette er eit namn som blei etablert av gründeren Atle Staalesen i si private nettavis i 2003, lenge før han starta i Barentssekretariatet.

Noodt meiner det er heilt riktig at ein slik nettstad er uavhengig og kan vere under redaktørplakaten.

– I desse tider er det viktigare enn nokosinne.

– Kva synest du om at dei tidlegare tilsette starta opp for seg sjølv under namnet The Independent Barents Observer?

– Eg synest det er kjempeflott, og sterkt gjort.

Noodt legg til at ho meiner fylkeskommunane bør slå ring om den nye nettstaden, og at dette bør kome til uttrykk gjennom eit vedtak om støtte.

Styremøte Barentssekretariatet 22.okt 2015
Foto: Eskil Mehren / nrk

Myrseth: Treng ro

Konflikten om namnet og rettane til det er berre ein av mange som har rast dei siste vekene, men det heile starta tidlegare i år. I mai slo redaksjonen i Barents Observer full alarm om mogleg sensur og kritiserte politikarane i styret si avgjerd om at nettstaden ikkje skulle ha ei fri stilling som nyheitsformidlar.

I september blei redaktøren sparka på dagen, og sidan da har det vore mange diskusjonar om denne sparkinga var rettmessig utført. Tidlegare denne veka vart det klart at alle dei tilsette har sagt opp sine stillingar i Barents Observer.

Eigarane av nettstaden Barents Observer er fylkeskommunen i Nordland, Troms og Finnmark.

– Vi må ha større fokus på å samarbeidet over grensa, og i dette speler Barentssekretariatet ei nøkkelrolle. Alle partar må ha forståing for at det er ro vi treng no, slik at vi kan gjere jobben framover, seier fylkesrådsleiar i Troms, Cecilie Myrseth.