Hopp til innhold

– Staten er innkrevjaren du ikkje vil ha på nakken

Ein liten feil kan føre til bøter opp til ein million, seier leiaren i Bedriftsforbundet. Han samanliknar innkrevjingsmetoden til Skatteetaten med meir lysskye innkrevjingsverksemder.

Olaf Thommessen

– Utskriving av dagbøtene frå Skatteetaten er automatisert og det skjer ofte feil. Då er saksbehandlingstida opptil eit år. I mellomtida må dei daglege bøtene bli betalt, seier Olaf Thommessen, leiaren i Bedriftsforbundet.

Foto: Bedriftsforbundet

Nyleg skreiv NRK om arbeidslause Cristian Camilo Uribe Muriel som blei pålagt ei tvangsmulkt på 565 kroner dagleg frå Skatteetaten. Dette for eit selskap han aldri hadde hatt.

Kristian Kamilo Saniola

Cristian Camilo Uribel Muriel blei registrert som næringsdrivande ved ein feil. Dette førte til daglege bøter frå Skatteetaten. Han er opphavleg frå Colombia, men bur no i Tana i Finnmark.

Foto: Guro Uribe Saniola / Privat

Etter at saka blei publisert har Muriel fått medhald i klagen. Men han er langt frå den einaste som har kjent på frustrasjonen med tvangsmulkt.

Medan Muriel har vore busett i Noreg i to år og ikkje snakkar norsk, hadde IT-gründer og forskar ved Universitetet i Oslo, Gunnar Bergersen, alle føresetnadar for å skjøne systemet.

Tok 11 månadar å rette opp tastefeil

Men også Bergersen hamna på skråplanet med Staten sin robotinnkrevjar. Det tok 11 månadar, ei innbetaling på nesten 40.000 kroner og mykje frustrasjon før han kom seg ut av knipa.

Gunnar Bergersen

Det tok 38 dagar før IT-gründer Gunnar Bergersen oppdaga at han hadde fått tvangsmulkt på nesten 40 000 kroner.

Foto: Privat

– Eg skulle levere tre aksjonæroppgåver i slutten av januar i fjor og trudde alt var levert. Tilfeldigvis logga eg meg på Altinn i slutten av mars. Der oppdaga eg ei varsling om tvangsvedtak og tvangsmulkt.

Ei av meldingane hadde ikkje blitt sendt. Bergersen fekk ettersendt det som mangla og klaga på vedtaket. Det hadde då gått 38 dagar og mulkta var på rundt 1000 kroner dagen.

– Klagen blei ikkje godkjent og der var ingen formildande faktorar. Saka blei deretter sendt til Skattedirektoratet.

Det tok nesten eit år før han fekk vedtaket.

– Det å gjere sitt beste, men likevel få bot for noko eg trudde var i orden, er ikkje lystig.

Staten er ingen nådig kreditor

Bedriftsforbundet har no ein aksjon mot ordninga. Dei har samla underskrifter og historier frå råka der feil har ført til store konsekvensar.

– Talet på konkursar dei siste 12 månadane er høgare enn nokon gong. Eg trur det kan vere samanheng med innføringa av tvangsmultsystemet i januar 2017, seier leiaren Olaf Thommessen.

Olaf Thommessen er generalsekretær i Plan Norge.

Olaf Thommessen er leiar i Bedriftsforbundet. Han meiner tvangsmultsystemet kan knekke nyoppretta bedrifter. – Det er ein overreaksjon som bør bli gjort om på.

Foto: Bent Tandstad / NRK

Skattedirektoratet har ingen foreløpig oversikt på beløpet som har blitt kravd via tvangsmulkter. Thommessen meiner norske bedrifter har betalt langt over 1 milliard kroner så langt.

Han trur mulktene kan knekke gründerbedrifter og reagerer på at ei bedrift med tre tilsette får like store bøter som eit konsern med fleire tusen.

– Ei lita bedrift som ikkje rapporterer inn det styresmaktene forlanger til riktig tid, får tvangsmulkt kvar dag. Dette kan kome opp i ein sum på ein million. Du må sjølv sjekke dette i Altinn. Ofte er det totalt unyttige ting som skal sendast inn, seier Thommessen.

Ordninga fungerer

I ein e-post til NRK svarar Finansdepartementet at ordninga har hatt ein betydeleg førebyggande effekt.

Formålet er å legge press på pliktige til å gi opplysningar til skattemyndigheitene til riktig tid.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark