Halvar Thomassen beklager at prisane på kongekrabbe er halvert dei siste fire-fem åra. (Arkivfoto: Sandra J. Olsen)
Det seier Halvar Thomassen, som er krabbefiskar og leiar av vadsø Fiskarlag. Fisket har vore godt, og i år har heile kvota blitt tatt opp. Men prisen på krabben går berre nedover:
- Vi er heilt på grensa no, det kan ikkje gå så mykje lenger ned i pris.
Halvert pris
I dag tar Halvar Thomassen juleferie. Dei 270.000 kongekrabbane norske fiskarar har fått råderett over er snart oppe av havet. Sesongen er over ved årsskiftet.
- Det har no vore så ymse, både godt og dårleg. Godt at vi har fått opp kvota, men dårleg at prisane er halvert dei siste fire-fem åra. Grunnen til det er at vi har dårlege forhandlarar. Dei sleppte jo fri minsteprisen her i haust.
Pressa marknad
Forhandlaren er Norges Råfisklag, fiskarnes eigen salsorganisasjon. I november oppheva dei minsteprisen på 58 kroner og 50 øre kiloen. Grunnen til det er trykket på marknaden, seier rådgjevar i Råfisklaget, Åge Jakobsen.
- Det har komme svært mykje krabbe frå blant anna Russland på marknaden, og fisket i Alaska har vore bra. Og då går prisen ned.
Heng ikkje på greip
Men Thomassen synst ikkje marknaden skal få skulda for prisnedgangen.
- Eg synst det er merkeleg. Canada-krabben går for opp imot 80 kroner kiloen, og han er mykje mindre enn den norske krabben.
I haust vart krabbekvota til russarane meir enn fordobla. Neste år ligg ho på 3 millionar krabbar. Det er ti gonger meir enn nordmenn kan fiske. Jakobsen trur prisen vart pressa ned allereie då kvota vart sett på papir.
- Det sender signal ut i marknaden og vi merka at marknaden vart uroleg, seier han.
Må stå på krava
Thomassen reagerer:
- Dei skal ikkje skulde på russarane! Kvaliteten på deira krabbe er dårlegare enn vår. Eg får ikkje dette til å rime.
Halvar Thomassen leverte dei siste krabbane for året i går. Og prisen har no på slutten av sesongen vore heilt nede i 52 kroner kiloen. Før sesongen startar opp att neste år med nye prisar, ber han Norges Råfisklag om å stå på krava.