Ropar varsku om klimakrise i reiselivet – kallar det for Noreg si siste «villvest»-næring

Regjeringa sitt mål er at Noreg skal bli eit berekraftig reisemål innan 2030. – Berre vas, meiner reiselivsaktør.

Geirangerfjorden med tre cruisebåter.

TOLEGRENSE: Kvart år kjem det fleire hundre store cruiseskip til Noreg. Biletet viser cruiseskip i Geiranger.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Det er fritt fram for ulike operatørar som reklamerer for at du kan reisa så mykje du vil med éin flybillett i Nord-Noreg. Det finst ingen informasjon om kor skadeleg det er for klimaet, seier Astrid Maria Cabrera.

Ho er doktorgradsstipendiat i samfunnsvitskap ved universitetet i Tromsø. Ho ser at det finst ei uro om at reiselivsnæringa er ute av kontroll og at det er Noreg si siste «villvest»- næring».

Cabrera peikar på at i andre delar av det norske næringslivet finst reguleringar. Til dømes fiskeriforvaltninga som set krav til kor mykje me kan fiska.

Reiselivsnæringa har ikkje ei slik regulering som baserer seg på ei tolegrense.

– Skjuler oss bak ei merkevare

Difor har ikkje Cabrera noko tru på at Noreg skal klara å nå regjeringa sitt mål om å bli eit berekraftig reisemål innan 2030, med mindre me for alvor diskuterer kva tolegrensa er, og tar omsyn til den.

– Me skjuler oss bak nok ei merkevare, me sel oss sjølv som berekraftig. Samstundes tillèt me nye direkteruter frå Asia og Amerika, seier Cabrera.

– Klimautsleppa frå turistane i Noreg har aldri vore høgare.

Astrid Maria Cabrera

MANGLAR KONTROLL: Astrid Maria Cabrera er doktorgradsstipendiat i samfunnsvitskap ved universitetet i Tromsø. Ho saknar kontroll i reiselivet.

Foto: Jens Rafaelsen / Jens Rafaelsen

– Noreg må gå framfor

Kåre Tannvik er eventyransvarleg for Snowhotel Kirkenes. I vinter hadde bedrifta 38.000 besøkjande frå heile verda. Heller ikkje han trur på regjeringa sin visjon om eit berekraftig Noreg innan 2030.

– Med respekt å melda er det berre vas, seier Tannvik.

– Regjeringa har i alle andre tilfelle når det gjeld klimaspørsmål privatisert det meste. Me må sortera søppel og plast. Det verkar som at det store spørsmålet om utslepp i reiselivsnæringa er opp til kvar enkelt å svara på sjølv. Det held ikkje.

Tannvik trur at ei løysing kan vera å gjera reiselivet vanskelegare. Prisauke i billettar og kanskje ein personleg kvote for reiser.

– Noreg må gå framfor og setja opp eit regelverk som viser veg og som verda kan ta etter. Noreg er eit av dei landa i verda som har råd til å visa veg.

Kåre Tannvik

YNSKJER REGULERINGAR: Eventyransvarleg for snowhotel Kirkenes, Kåre Tannvik, har ikkje tru på regjeringa sin visjon om eit berekraftig Noreg innan 2030.

Foto: Arne Egil Tønset / NRK

Ser utviklingsvilje

Regjeringa seier sjølv dei er opptekne av at reiselivet skal utvikla seg i ei berekraftig retning, og samarbeider med næringa om dette.

– Reiselivsnæring er viktig over heile landet, og eg synest det er på grensa til respektlaust å omtala ho som ei «villvest»-næring. Eg ser både ansvar og utviklingsvilje i næringa, seier statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Magnus Thue.

Han påpeikar at mange truleg framleis vil fly på ferie, og at det difor ikkje er negativt med direktefly.

– Nokre stader er det utfordringar med svært mange turistar i høgsesongen, og det er viktig at turismen held fram med å vera berekraftig. Det er likevel ikkje eit generelt problem, seier Thue.

Magnus Thue

SER UTVIKLINGSVILJE: statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Magnus Thue seier han ser ansvar og utviklingsvilje i næringa.

Foto: Nadir Alam / NRK

Finst ikkje kontroll

Cabrera påpeikar også at det er kundane sjølv som styrer mykje av reiselivet i dag. Det er lite kontroll på kva slags informasjon som er tilgjengeleg. Nye idéar til reisemål blir henta frå sosiale medium, som ofte framstiller reiselivsnæringa frå sine beste sider.

– Sosiale medium fungerer som eit vindauge. Ein vil jo halda fram med å bruka dei, og me kan ikkje hindra at folk ifrå til dømes Asia skal bruka vindauget inn i Noreg, seier ho.

– Dersom ein instagrampost inneheld informasjon om kva som ligg bak biletet, vil det kanskje få kunden til å tenkja annleis, fortel ho.

Widerøe-fly lander på Bodø lufthavn

NOREG RUNDT BILLETT: – Det er fritt fram for ulike operatørar som reklamerer for at du kan reisa så mykje du vil med éin flybillett i Nord-Noreg, seier Astrid Maria Cabrera. Widerøe er ein av disse aktørane.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Widerøe er ikkje einig i å bruka dømet på at du kan reisa så mykje du vil med éin flybillett i Nord-Noreg, som skadeleg for miljøet.

– Me er litt overraska. Det me kan seia er at C02-utsleppa ikkje auker med eit gram ved å selja dette produktet. Me fyller opp tomme seter i fly som uansett må gå, på grunn av forpliktinga me har når me flyr for staten på anbodsnettet, seier kommunikasjonsdirektør i Widerøe Silje Brandvoll.

Cabrera meiner at ansvaret ligg på kundane sjølv, som må bli meir bevisste, men at politikarane må spele ei rolle ved å legge til rette for det.

– Me må sjå på reiselivet i eit heilskapleg perspektiv og utvikla denne næringa i tråd med andre aktivitetar i diskusjonen om miljø og klima.

Kjøttvika på Sørøya

BEREKRAFTIG REISEMÅL: Innovasjon Norge arbeider med «Merket for berekraftig reisemål» som handlar om å merka reisemål som arbeider for å bli meir berekraftige. I dag har femten norske destinasjonar fått dette merket.

Foto: Olaf Andreassen / Privat