– Omsynet til dei etterlatne kneblar 22.juli-debatten

Omsyn og empati har førsteprioritet når 22. juli blir omtalt i media, meiner journalist og kritikar Anki Gerhardsen. Feil å gje støttegruppa vetorett i samfunnsdebatten, meiner generalsekretæren i Norsk Presseforbund.

Utøya og blomster i vannet

Det er berre veker igjen til femårsmarkeringa av terrorangrepa i Oslo og på Utøya. I ein kronikk i Aftenposten spør kritikar og journalist Anki Gerhardsen: Kven eigar 22. juli?

Foto: Mikalsen, Helge / VG

Gerhardsen skreiv nyleg ein kronikk om temaet i Aftenposten. Veka før blei tematikken behandla kunstnarisk under Festspillene i Nord-Norge i Harstad. Gerhardsen er sjølv kritikar og journalist, og har følgt med på det som har vore skrive om 22. juli.

Anki Gerhardsen, universitetslektor

Anki Gerhardsen, journalist og kritikar, står bak kronikken «Hvem eier 22. juli?».

Foto: Barbro Andersen / NRK

– Du har gått gjennom 22. juli-relaterte saker i media dei siste månadene. Kva fann du der?

– Det meste som handlar om 22. juli går via støttegruppa eller andre som vi kan kalle direkte råka. Det er særleg diskusjonen om minnesmerket på Sørbråten som det har vore mykje av med jamne mellomrom, og som har kome opp igjen i det siste. Det er eit nasjonalt minnesmerke, men diskusjonen kan gje eit inntrykk av at dette er eit merke som er direkte dedikert til dei etterlatne og dei som er råka.

– Automatisk refleks

«Om få uker er det femårsmarkering, men i Norge tar vi ennå ikke en eneste samtale om tragedien uten først å spørre støttegruppen om vi får lov,» skriv Gerhardsen. Ho meiner omsynet til støttegruppa og dei etterlatne legg band på både samfunnsdebatten og kunstfeltet.

– Kva slags debatt kunne vi fått utan dette omsynet til etterlatne?

– Det eg spør om er korfor støttegruppa og dei etterlatne skal spørjast i alle samtaler.

– Korfor trur du det er slik?

– Eg trur det er ein automatisk refleks hos media – det veit eg jo, eg er journalist sjølv. Kvar gong vi skal belyse ei sak så tenker vi på kven som kan meine noko om dette, og kven kan meine det motsette. Da poppar dei etterlatne opp med ein gong. Det skapar ei spent ramme rundt samtalen, meiner Gerhardsen.

– Media kan vere meir bevisst

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, gir Gerhardsen rett i at media kan vere meir bevisst på kjeldeval i saker som handlar om 22. juli.

Kjersti Løken Stavrum

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum, meiner media kan vere meir bevisst på kjeldeval i saker som handlar om 22. juli.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Samtidig er det er mange saker kor det er heilt naturleg å snakke med støttegruppa, som i saka rundt minnesmerket, seier Løken Stavrum.

Ho understrekar at støttegruppa ikkje må bli gitt vetorett for samfunnsdebatten eller avgjerder som skal bli tatt.

– Norsk media har ein hang til å repetere kjeldebruken sin, så det er ikkje overraskande at det skjer også her. Det som har med 22. juli å gjere er vondt og komplisert, og da kan nokre av kjeldene stoppe ein debatt. I diskusjonen etter den siste rettssaka, blir støttegruppa si rolle noko meir problematisk seier Løken Stavrum.

NRK har vore i kontakt med Støttegruppen 22. juli. Leiar Lisbeth Røyneland seier at gruppa ikkje kjenner seg igjen i kritikken frå Gerhardsen, og at dei ikkje ønsker å kommentere saka ytterlegare.