– No har dei blitt så gamle at dei kjem til å hugse turen

Kongeparet har tatt med seg heile kongefamilien til Finnmark for å vise fram nordnorsk historie og kultur til dei aller yngste.

Heile kongefamilien til fots ved Vardøhus festning

Heile kongefamilien til fots ved Vardøhus festning. Frå venstre Maud Angelica Behn, prinsesse Ingrid Alexandra, Kronprins Haakon Magnus, prins Sverre Magnus, Kronprinsesse Mette-Marit, prinsesse Märtha Louise hand i hand med Emma Tallulah Behn, Kong Harald og Ari Behn.

Foto: Silja Arvola / NRK

Kong Harald, Dronning Sonja og resten av kongefamilien er på besøk i Finnmark.

Kongeparet har tatt med seg heile kongefamilien til Finnmark.

– Det er veldig sjeldan at heile familien er samla, og så ville vi veldig gjerne vise barnebarna Nord-Norge og Finnmark spesielt.

Det fortel Kong Harald, når han saman med resten av storfamilien besøker festninga med statuen av Kong Haakon VII.

Heile kongefamilien er no på ferie i Finnmark. Kongen og Dronninga har invitert sine barn og barnebarn med seg til landets nordlegaste fylke for å vise fram Finnmark til dei unge.

I dag besøker dei Vardø, og tidlegare i helga har dei mellom anna vore ved grensa til Russland.

– I går besøkte vi Grense Jakobselv og viste fram akkurat kor grensa mellom Russland og Norge går, slik at barna får eit bilde av kor den er. Vi gjekk opp i tårnet på Elvenes, der vi kunne sjå inn til Russland, og det var eit syn som det var fint å kunne feste på netthinna, fortel dronning Sonja til NRK.

Kongeparet på Vardøhus festning på ferie

Kongeparet vil vise fram landets nordlegaste fylke til sine barnebarn.

Foto: Silja Arvola / NRK

– Gamle nok til å hugse turen

Kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette-Marit er kjent for å reise verda rundt med barna sine, som etter kvart har blitt ekte globetrotterar. Det same kan seiast om barna til prinsesse Märtha Louise og Ari Behn, som har budd fleire år i London.

Men sjølv om dei har sett aldri så mange land i verda, er det fleire stader i eiget heimland dei unge kongelege ikkje har vore.

– Finnmark er langt unna, samtidig er det landets største fylke. Våre barnebarn kjenner mange stader rundt i landet, men ikkje Finnmark, sjølv om det er i vårt eiget land, seier dronning Sonja til NRK.

Kongeparet har sjølv besøkt Nord-Norge tallause gongar, og er no ivrige etter å vise fram høgdepunkta til etterkommarane.

– Og no har dei blitt så gamle at dei kjem til å hugse denne turen, understrekar Kong Harald.

Kongefamilien saman med statuen av Kong Haakon VII i Vardø

Kongefamilien saman med statuen av Kong Haakon VII i Vardø. I første rekke ser vi frå venstre søstrene Behn: Leah Isadorah, Emma Tallulah og Maud Angelica saman med prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus. Bak ser vi kongeparet, kronprinsparet i tillegg til prinsesse Märtha Louise med sin mann Ari Behn.

Foto: Silja Arvola / NRK

Historie og opplevingar

Det har også blitt tid til kongekrabbefisking og dykking i havet i løpet av besøket.
Dei kongelege har også vore i Kirkenes og sett nærmare på dagbrotet ved Syd-Varanger gruve ved Bjørnevatn.

I Vardø skal dei også få med seg Heksemonumentet, før reisa går vidare. Kor det blir, vil ikkje kongefamilien seie mykje om. Uansett forsikrar Kongen dei unge om at det ikkje berre er besøk til historiske monument som står på programmet. Det blir også tid til opplevingar.

– Vi må ha begge delar. Om det berre er historie, da trur eg interessa dalar ganske fort, seier Kong Harald og ler.

Kongeparet ser fram til resten av reisa, sjølv om ein ting heilt klart kunne ha vore betre:

– No må vi berre få litt betre vêr!, avsluttar dronning Sonja.