Hopp til innhold

– Nettbrettet gir større grad av meistring og meir motivasjon

Etter eit halvt år, der nesten all undervisning har gått føre seg med nettbrett, er Elvebakken skule stornøgd med overgangen til det digitale.

Selfie som dokumentasjon av gruppa

SELFIE: F.v. Henriette Strifelt Sommer, Benedicte Lyngmo, Benjamin Holmgren og Gabriel Mathisen tar ein selfie for å dokumentere kven som har bidratt i naturfagseksperimentet. Dei går alle i 4. klasse på Elvebakken skule, der 1.-4. trinn har bytta ut blyant og papir med nettbrett.

Foto: Kristin Forland / NRK

– Vi må løfte hovudet opp og begynne å sjå på kva som møter desse ungane når dei skal ut i arbeid om 10-20 år. Kva er det for slags verd dei skal ut i? Det er kanskje det aller viktigaste, seier rektor på Elvebakken skule i Alta, Rune Glad.

I mars markerte Elvebakken skule 60 år som barneskule. Mykje har skjedd sidan skuletimane med penn og blekk i 1956. På framtidas skule er blyanten bytta ut med nettbrettet.

Rektor Rune Glad

REKTOR: Rune Glad, rektor ved Elvebakken skule i Alta, håpar at heile skulen skal bruke nettbrettbasert undervisning etter kvart.

Foto: Kristin Forland / NRK

1.-4. trinn har tatt steget heilt inn i den digitale verda, og
i eit halvt år, har dei latt blyanten ligge. Dei lærer no å lese, skrive òg regne på nettbrett
.

– Det vi meiner vi får betre og betre til er dette med at elevane i større grad produserer sitt eige lærestoff. Elevane opplev større grad av meistring og meir motivasjon, seier rektor Glad etter eit halvår med nettbrett.

Når det kjem til lesing og skriving seier Glad at dei ikkje har sikre målingar på korleis nettbretta har påverka leseferdigheitene, men basert på tilbakemeldingar frå lærarane, ser det ut til at dei minste elevane har lært seg å lese og skrive tidlegare enn før forsøket. Til sommaren skal Universitetet i Tromsø sjå nærare på resultata av nettbrettbruken.

– Alle får eit produkt som er bra

– Den tradisjonelle lærarrolla med å stå ved tavla er blitt mindre. Det seier Lene Sivertsen, lærar på 4. trinn på Elvebakken skule i Alta.

På 4. trinn står naturfag på timeplanen. Ved hjelp av gassbrennar og glaskolbar skal 4.-klassingane vurdere korleis vatn reagerer på ulike stoff og situasjonar.

Lene Sivertsen

VIL FORTSETTE MED NETTBRETT: –Vi lærer i lag, lærar og elev, seier lærer Lene Sivertsen på 4. trinn på Elvebakken skule i Alta.

Foto: Kristin Forland / NRK

Sivertsen seier nettbrettet har gjort det lettare å variere undervisninga, og å kunne tilpasse timane til elevane sine ulike nivå.

– Det er mykje lettere å nå alle, uansett nivå. Dei får alle eit produkt som er bra, dei får gjort noko som dei kan vise fram, seier Sivertsen.

– I tillegg så får vi vurdert stoffet på ein ny måte. Vi stopper midt i timen, så elevane kan vise fram kva dei har kome fram til. Så får vi diskutere - kva har vi gjort, kva må vi gjere vidare.

– No skal eg lage framsida, så skal eg ta litt bilete undervegs når vi jobbar, filme og ta opp lyd, seier Benedicte Lyngmo, som er dagens nettbrettansvarleg på naturfagsgruppa.

Dei fire fjerdeklassingane på gruppa syns alle at iPaden lettar mykje av skulearbeidet. Men dei er òg opptatte av å lære seg den gode gamle handskrifta.

– Det er viktig det òg, seier dei.

Naturfag i 4. trinn på Elvebakken skole

NATURFAG: Hypotesen skal skrivast inn på nettbrettet, gruppemedlemmane skal fotograferast, og resultata av forsøket skal setjast saman til ein digital presentasjon.

Foto: Kristin Forland / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark