– Høies trussel er ei lette

– Å reise direkte til Tromsø i stedet for Hammerfest er ikkje nødvendigvis ein trussel for majoriteten av folket i Vest-Finnmark — snarare ei lette, seier Venstre-leder i Finnmark.

Leif Wasskog

VIL HA OMKAMP: Leiar i Finnmark Venstre, Leif Wasskog, meiner flytting av sjukehus til Alta må vurderes før ein gjer store investeringer i Hammerfest.

Foto: VENSTRE

– Dagens situasjon der akutte syke pasienter skal til Hammerfest sykehus for å stabiliseres eller utredes før en sendes til Tromsø, er en stor ekstra belastning for de alle fleste som bor utenfor Hammerfest-området, meiner leder av Finnmark Venstre, Leif Wasskog.

– Helseminister Høie bør reflektere over at å reise direkte til Tromsø i stedet for Hammerfest ikke nødvendigvis er en trussel for majoriteten av folket i Vest-Finnmark —snarere en lettelse, skriver Wasskog i ein kommentar til Høies åtvaring.

Helseminister Bent Høies var fredag i Alta for å legge ned grunnsteinen til Alta nærsjukehus.

Der bad han finnmarkingane å slutte å krangle om kor hovudsjukehuset i Vest-Finnmark skal ligge, og at alternativet er at pasientar må reise til UNN i Tromsø.

Nedsetting av grunnstein for Alta nærsykehus

BA OM SAMARBEID: Bent Høie og Aili Keskitalo la ned grunnsteinen til Alta nærsjukehus fredag. Høie ønsker at sjukehusstriden mellom Alta og Hammerfest skal ta slutt.

Foto: Alf Harald Martinsen / NRK

Vil helst til Tromsø

Wasskog meiner det ikkje berre er folk i Alta som heller vil til Tromsø enn til Hammerfest, men at òg indre Finnmark vil ta Høies åtvaring med ro.

– Hvis man for eksempel blir akutt syk i Kautokeino i dårlig vær, er det en lettelse å kunne komme direkte til Tromsø enn Alta-Hammerfest-Tromsø. I andre tilfeller gjelder fritt sykehusvalg, og folk kan selv velge sykehuset som er best for dem.

Wasskog får støtte frå mange i sosiale medium, blant andre Mary Sarre frå Kautokeino.

Mary Sarre

Mary Sarre bur i Kautokeino og meiner sjukehusopphald i Tromsø er å føretrekkje framfor Hammerfest.

Foto: Privat

– Å true oss med Tromsø, det biter vi ikkje på, seier ho.

– For oss i Kautokeino speler det ingen rolle. Når det er akutt så blir vi sendt med fly, og då vil vi helst til Tromsø.

For nokre år tilbake opplevde Sarre å vere pårørande, då mannen hennar var kreftsjuk.

– Min mann var alvorleg sjuk og opplevde å først bli sendt til sjukehuset i Hammerfest, for så å måtte reise vidare til Tromsø.

– Eit par gongar blei han sendt direkte til Tromsø med helikopter. Då tok det berre 40 minutt.

Veg- og vêrforhold kan òg gjere at folk i Kautokeino får lange omvegar til sjukehuset. Og Sarre fortel at mange opplev å måtte køyre om Lakselv for å komme seg til Hammerfest.

Sarre ønsker ikkje å ta noko ifrå hammerfestingane, men saknar eit større helsetilbod i Alta.

– Mannen min måtte dra til Hammerfest for å få strålebehandling. Eg kan ikkje forstå kvifor det ikkje er tilbod om det i Alta.

Hammerfest sykehus

OMSTRIDT HOVUDSJUKEHUS: Diskusjonen om hovudsjukehuset i Vest-Finnmark skal vere i Alta eller Hammerfest har halde på lenge. Helseminister Bent Høie og regjeringa har slått fast at sjukehuset skal ligge i Hammerfest, mens Alta får eit nærsjukehus.

Foto: NTB scanpix/Finnmark Dagblad

Høie: – Kan ikkje tenkje isolert

Helse- og omsorgsminister Bent Høie understrekar at det er nødvendig å tenkje heilskapleg i Finnmark. Han svarer slik på kritikken frå Wesskog i ein e-post til NRK:

– Selv om lederen i Finnmark Venstre mener dette ikke er et problem for deler av Vest-Finnmark, bør han tenke igjennom hva dette ville betydd for resten av Finnmark.