NRK Meny
Normal

– Gatekunstnarane vil ha det spektakulære

Graffiti breier om seg i det aude nord. Spektakulære fotomoglegheiter trekk den urbane kunstforma ut av byen og nordover, meiner kunstpedagog.

Dolk Lofoten

Spektakulær natur som bakgrunn for eigne verk, kan vere eit av motiva til gatekunstnarar for å kome til Nord-Noreg. Her frå kunstnaren Dolk sin tur til Lofoten i 2010.

Foto: Rolf M. Aagaard

– Dei vil ha fine foto av kunstverka sine, svarer Kristin Risan, kunstpedagog ved Nordnorsk kunstsenter, på spørsmål om kva som kan forklare auken i gatekunst i Nord-Noreg.

– Det er jo den einaste måten dei kan bevare kunsten på, for dei fleste verka forsvinn.

Risan trur den store konkurransen om plassen i dei store byane får gatekunstnarane til tenke nytt og annleis.

Anders Sunnas sjablong på søppeldunk i Tanadalen

Levajok, mellom Tana bru og Karasjok, er ein av fleire stadar i Finnmark der motivet til Anders Sunna har dukka opp.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

I staden for å få bilete av kunsten sin på ei overflate som konkurrer med andre overlappande verk, kan ein på meir aude stadar i nord sette motiva i nye samanhengar.

– Det er klart at om du kan lage street art på ein skjå inne på vidda, og ta bileta dine i midnattssol eller i snøstorm, så kan du få skikkeleg spektakulære bilete av det du sjølv gjer, som du kan selje deg sjølv med, seier Risan.

Svensk kunstnar står bak sameguten

– Det er mitt motiv, ja, stadfestar kunstnar Anders Sunna frå Kieksiäisvaara i Nord-Sverige.

Sjablongen, som er brukt til å spraye sameguten med bomba i handa, er Sunna sin, men om det er han som har vore langs vegane i Finnmark og spraya vil han ikkje seie.

– Det kan vere meg, og det kan ikkje vere meg. Folk får bruke fantasien sin, seier han lurt.

Anders Sunna kjem frå ein reindriftsfamilie som mista retten til å drive med rein på 70-talet. Samiske motiv går igjen i kunsten til Sunna, og mykje har ein tydeleg politisk bodskap. Konflikten mellom familien hans og den svenske stat står sentralt i dette.

Anders Sunna sin sjablong ved Kåfjordtunnelen

Samegutmotivet er òg observert ved inngongen til Kåfjordtunnelen i Alta kommune.

Foto: Geir Samuelsen / NRK

Motivet med sameguten som held ei bombe, eit motiv som har dukka opp fleire stadar langs vegane i Finnmark, har tittelen «To colonialism».

– Vi må gå hardare på staten når det kjem til korleis den behandlar samar i dag, og korleis staten har behandla dei. Då er det er først og fremst Sverige som oppfører seg ille, seier Sunna på spørsmål om kva bodskapen i «To colonialism» er.

– Sosialt engasjerte folk

Gatekunsten har ei sterk politisk side. Problematikk rundt fråflytting frå småstadar har vore med på å få gatekunstnarar som Dolk og Pøbel til Lofoten og Vardø.

– Gatekunstnarar er ofte veldig sosialt engasjerte folk. Det at Nord-Norge er trua av fråflytting, alle dei forlatne husa, det er det ein god del av gatekunstnarane som ønsker å gjere noko med, seier kunstpedagog Risan.

PØBELs kunstverk i vadsø

Den kjente norske gatekunstnaren Pøbel har vore fleire gongar i Finnmark. Her eit av motiva hans i Vadsø.

Foto: Arnstein Jensen

– Min draum er jo at det blir pussa opp og brukt igjen. At nokon faktisk kan ta det i bruk. Det er så vanvitig mykje plass og mange ting som berre står og forfell, sa Pøbel til NRK i 2012. Då var han og fleire internasjonale kunstnarar inviterte til Vardø for å gi nytt liv til forlatne bygg i byen.

12 streetart- eller Gatekunstnere fra hele verden har inntatt Vardø. Der bruker de gamle nedslitte hus og kaianlegg som lerret og midtnattsola som arbeidslys...

Sjå gatekunstnarar frå heile verda forvandle forlatte hus i Vardø til kunstverk. Foto: Arnstein Jensen.

– Har utvikla seg til å bli attraksjonar

Gatekunstnarane Dolk og Pøbel har besøkt Lofoten fleire gongar. Der har dei tatt i bruk tomme hus og låvar som lerret, og blanda rurale bygg med urban kunst.

– Det er ingen som oppfattar det som tagging eller tilgrising. Bygga med graffitien har utvikla seg til å bli attraksjonar, seier kunstpedagog Risan.

Verka i Lofoten blei nesten litt for populære. I 2011 stjal nokon ein heil låvevegg dekorert av Pøbel.

I biletegalleriet under kan du sjå korleis det såg ut etter tjuveriet, samt verka som framleis finst i Lofoten.

Risan fortel at dei som jobbar med turisme, og lokale folk, syns det er gøy å dra ut og leite etter kunstverka.

– Det er jo ikkje eit galleri med opningstid, ingen kart med rettleiing for å finne det. Du må oppdage det sjølv. Det er jo òg ein stor og viktig del av gleda med det.