NRK Meny
Normal

– Folk med tårer i auga takka meg for det eg hadde sagt

Kong Harald fekk eit sterkt møte med finnmarkingane i Kiberg då han vedkjente uretten gjort mot dei som kjempa på Sovjetunionen si side under krigen.

Kong Harald ved partisanerbautaen i Kiberg i 1992

Kiberg 3. august 1992: Kong Harald holder tale ved partisanbautaen.

Foto: Aaserud Lise / Scanpix

– Det kan vere smerteleg å måtte sjå historie i eit nytt lys. Eg har ein spesiell følelse av dette når eg står her framfor eit monument over ein del av vår historie som til dels har blitt teia i hel.

Slik opna kongen talen han heldt i Kiberg i 1992, framfor partisanbautaen i bygda ytst i Varangerfjorden.

Under andre verdskrig deltok mange finnmarkingar som partisanar på sovjetisk side i kampen mot tyskarane. Innsatsen til partisanane blei ikkje anerkjent før på 1980-talet, då kong Olav la ned krans på bautaen i Kiberg i Vardø. I 1992 kom beklaginga.

I programmet «Konge og dronning i 25 år» får vi torsdag kveld eit gjensyn med talen som gav oppreising til partisanane i Finnmark, og kongen sine minne frå denne dagen i 1992.

– Det kom gråtande folk, eller folk med tårer i auga, og takka meg for det eg hadde sagt. Eg var ikkje klar over, på det tidspunktet, at det var så sterkt som det var, fortel kongen i TV-intervjuet.

Steinar Borch Jensen under innspilling av Konge og dronning i 25 år

Steinar Borch Jensen og NRK-journalist Kristi Marie Skrede ved partisanbautaen i Kiberg, under innspilling av programmet Konge og dronning i 25 år.

Foto: NRK

– Bør inn i skulebøkene

– Eg trur ikkje det kunne ha vore nokon som ville hatt større verknad for dei det gjaldt enn kongen. Dei fleste av dei var veldig kongetru. Og det at kongen kom hit opp til Kiberg og framførte ein beklaging, det var stort for dei.

Det seier Steinar Borch Jensen, som var guide for kongeparet under besøket i 1992, og som hugsar talen 3. august godt.

– Det viktigaste han sa var at dette bør komme i skulebøkene til norsk ungdom. Det har enda ikkje komme, og dette skjedde i 92 og nå er vi i 2015. Så no er det på tide at dei får det med i skulebøkene, for det er eit sakn, seier Borch Jensen.

Blei oppfatta som offisiell beklaging

Asbjørn Jaklin

Forfattar og journalist Asbjørn Jaklin har gjeve ut fleire bøker om Nord-Noreg og andre verdskrig.

Foto: Kari Holthe

Asbjørn Jaklin jobba som journalist i Nordlys då talen til kongen fann stad. Han hugsar godt oppsikta talen vakte.

– Talen fekk stor politisk effekt og blei oppfatta som nærast ei offisiell beklaging frå myndigheitene i Norge på den veldig urettferdige politikken overfor ei lita gruppe menneske. Tårene trilla på dei som høyrde på, seier Jaklin.

– Eg trur at talen i Kiberg òg blei oppfatta som ei forståing av at det her hadde vore tøffe tider, særleg i Nord-Norge, som låg tett opp til Sovjetunionen.

KIberg 1966

FINNMARK 1966: Kiberg er ein av dei største tettstadane i Vardø kommune, og ligg om lag 10 km sørvest for kommunesenteret og like sør for Kibergneset, som er det austligste punktet på fastlandet i Norge.

Foto: Scanpix / SCANPIX