Hopp til innhold

– Ei gryande krise i fastlegeordninga kan gi alvorlege konsekvensar

Auka arbeidpress for fastlegane gjer legetilbodet dårlegare både på dagtid og ved akutte hendingar, meiner fleire legar.

Magnus Hjortdal

Magnus Hjortdahl fortel at fleire fastlegar synest det er tøffe arbeidsforhold for tida. Fastlegane har fått fleire nye administrative oppgåver. Det gjer at fleire kan vegre seg mot å ta vakter utanfor den ordinære arbeidstida.

Foto: Stian Sætermo

– Det er blitt mykje fokus no på at mange av kollegaane mine sluttar. Mange av dei som jobbar som fastlegar no synest det er tøft for tida. Fastlegane har fått fleire nye oppgåver, og mange meiner dei ikkje får tid til det som er viktig – nemleg å vere med pasientane og hjelpe dei, seier fastlege og doktorgradsstipendiat Magnus Hjortdahl til NRK.

Saman med legekollegaene Peder Halvorsen og Helen Brandstorp skreiv han nylig ein kronikk i VG om temaet.

Med nye oppgåver meiner Hjortdahl at legane no mellom anna skal skrive ut attestar som ikkje er medisinsk relevante, attestere sjuke skuleelevar og skrive ut andre erklæringar.

– Fleire kollegaar føler at ein blir meir sekretærar enn legar. Det er demotiverande. Denne tida kunne i staden vore nytta til å hjelpe pasientane, meiner Magnus Hjortdahl.

– Heldt ikkje ut

Han er for tida doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Tromsø. Tidlegare har han mellom anna jobba seks år som lege i Alta.

Alle fastlegar skal i utgangspunktet i tillegg ta legevakter, det vil altså seie det allmennmedisinske tilbodet utanfor legekontora sine vanlege opningstider. Men det er mogleg å få andre til å ta vaktene sine. Det er her vi finn sakas kjerne, ifølgje Hjortdahl.

Fleire fastlegar føler dei ikkje har tid, energi eller moglegheit til å ta legevaktene. Dermed må ein basere seg på andre, til dømes vikarar, til å ta vaktene. Derfor kan ein få ein tap-tap-situasjon. Både fastlegeordninga og den såkalla blålysmedisinen, det vil seie akutte hendingar, blir svekka.

– Utfordringa er å få inn nye legar og halde på dei ein har. Frå tida mi i Alta hugsar eg at vi mista mange unge og flinke legar fordi dei heldt ikkje ut køyret som fastlege, fortel Magnus Hjortdahl.

– Utfordrande for rekrutteringa

Han får full støtte frå Marit Karlsen. I tillegg til å vere kommunelege i Kautokeino er ho landsstyrerepresentant i Allmennlegeforeningen og hovudtillitsvalt for allmennlegane i Finnmark.

– Når det gjeld blålysmedisinen kan ein også sjå den i samanheng med den varsla akuttføreskrifta, som gjer det utfordrande både å rekruttere og stabilisere legar. Vi veit jo kor viktig det er for kvaliteten å ha ein fast fastlege.

Marit Karlsen, hovedtillitsvalgt, allmenlegene i Finnmark

Marit Karlsen meiner ei eventuell krise i fastlegeordninga kan gå utover den såkalla blålysmedisinen. Ho er dessutan spesielt oppteken av forholda i dei små kommunane i Finnmark, der bruk av kortidsvikarar kan gi store utslag.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

– Dette gjeld særleg dei med kroniske lidinga og dei med fleire sjukdommar samtidig. Sjølv om ein er lege tek det tid å få kjennskap til både pasientane og dei lokale forholda. Med stadige endringar vil ikkje oppfølginga bli like god. Det vil ramme blålysmedisinen, men også den ordinære oppfølginga av pasienten i ein fastlegepraksis, meiner Karlsen.